Skogbrukssjefane John Olav Lia (t.h.) og Knut Olav Heddejord påpeikar at ein skogbruksplan er viktig i forvaltinga av eigedomen og gjev eit godt bilde av ressursane. Og miljøregistreringa må vere på plass for å få levert tømmer.
Skogbrukssjefane John Olav Lia (t.h.) og Knut Olav Heddejord påpeikar at ein skogbruksplan er viktig i forvaltinga av eigedomen og gjev eit godt bilde av ressursane. Og miljøregistreringa må vere på plass for å få levert tømmer.

Nye skogplanar er eit godt verktøy

Skogbrukssjefane i Kviteseid og Seljord meiner skogeigarane i dei to kommunane bør nytte eit tilbod om skogbruksplan. Og det blir minna om at miljøregistreringa må vere på plass, elles får ein ikkje levert tømmer.

448 skogeigarar i Kviteseid og 524 i Seljord har fått tilbod om ny skog- og miljøplan, og svarfristen er 31. januar.

– Førebels har det vore bra respons for å få ny plan, registrerer John Olav Lia, skogbrukssjef for Kviteseid og Nissedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har dratt seg til no mot slutten, seier Knut Olav Heddejord, skogbrukssjef i Seljord.

Men dei vil gjerne at flest mogleg skaffar seg ein ny plan.

– Prisen er ikkje avskrekkande, seier Lia.

– Prisen er god, slår Heddejord fast.

Skogeigarane som bestiller ny skog- og miljøplan no, får dekt 55 prosent av kostnaden frå staten. Om ein har pengar på skogfond kan ein i tillegg nytte dei for å betale planen, noko som gjev ein skattefordel på 85 prosent på uttaket.

Fylkesmannen har signalisert at dette kan vere siste runde med såpass høg tilskotssats, sidan planane no blir digitale og kan bli oppdatert i mindre omfattande prosessar.

Laserskannar

– Fordelen med ein skogbruksplan er at skogeigaren får oversikt over ressursane han har, han kan bli meir interessert i skogen sin og får vite kvar han kan ta ut verdiane. Og planen er eit viktig verktøy også for neste generasjon, seier Heddejord.

Planen gjev tips og rettleiing om kva ein skogeigar bør gjere på eigedomen sin, også av ungskogpleie. Vidare er det god oversikt over kvar ein kan eller bør hogge tømmer. Det nye no er at fly med laserskannar måler volum og alder på trea.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Erfaringa frå Nissedal er at laserskanninga stemmer ufatteleg bra, seier Lia.

Alle skogeigarar som skal selje tømmer må ha ei miljøregistrering som viser kva naturtypar som skal vere skjerma mot hogst.

– Viss ein ikkje har miljøregistrering får ein ikkje levert tømmer til nokon. For å vere sikker på å få levere tømmer i framtida bør alle skogeigarane i Kviteseid og Seljord revidere miljøregistreringa no, seier Heddejord.

– Me oppmodar alle skogeigarane om å få ny skog- og miljøplan, avsluttar Heddejord og Lia.

Tysdag 26. januar er skogeigarane i Seljord invitert til kommunehuset for informasjonsmøte om nye skogbruksplanar. Dagen etter er det møte for skogeigarane i Kviteseid, i kommunehuset. Invitasjonen kjem frå takstutvalet for nye skogbruksplanar i dei to kommunane. I utvalet sit medlemer frå skogeigarlaga.

Skogbruksplan med miljøregistrering

* Skogbruksplanen er det beste utgangspunktet for planlegging, verdiskaping, ressursforvalting og miljøomsyn.

* Den nye skogbruksplanen gjer det lettare å forvalte eigen skog. Ein sparer tid og pengar, og får betre råd frå mellom anna skogbruksleiarar og skogbruksrådgjevarar.

* Planen gjev oversikt over kubikkmasse og tilvekst, detaljinformasjon om kvart skogbestand, forslag til skogbehandling og årleg hogstkvantum, og han viser eventuelle miljøkvalitetar, freda kulturminne og anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Miljøregistrering skjer i eldre skog der ein registrerer ståande og liggjande død ved, rikbarkstre, tre med hengelav, hole lauvtre, rik bakkevegetasjon, bekkekløfter med meir.

* Planane er no digitale, og ein kan ta dei med ut i skogen på ein GPS, Ipad eller Iphone.

* Framdriftsplanen i Kviteseid og Seljord er fototakst denne vinteren og kartmøte til våren. Feltarbeidet skjer til sommaren og hausten. Planane blir levert skogeigarane i mai 2017.

Godt hogst-år i Vest-Telemark

Ferske tal for levering av tømmer blant skogeigarar i Vest-Telemark viser at hogstkvantumet i fjor kom opp i 156 038 kubikkmeter tømmer. Ein må tilbake til 2011 for å finne eit høgare tal, 164 985 kubikkmeter.

Med hogst på heile 40 363 kubikkmeter tømmer i Fyresdal i fjor, blei dette kommunen i regionen som nådde det høgste talet. Bare eitt år tidlegare frå 2006 har det blitt hogge meir der, i 2011 med 45 832 kubikkmeter.

I same perioden nådde Tokke ein hogsttopp i fjor, då talet kom opp i 29 689 kubikkmeter. Nest beste resultat dei ti siste åra skjedde i 2011, 26 858 kubikkmeter.