30 år sidan

A-lagsstallen til Seljord IL har også i år fått tidleg sesongstart i Danmark. Turen gjekk til trenar Jan Olessens heimtrakter, og då dei 15 Seljord-spelarane kom heim seint sundag kveld, var det med tre strake sigrar og mange fine treningsøkter i kuffterten, fortel Svein Moen etter turen.

(...) Alle dei fem juniorane fekk prøve seg. Det var Jon Sveinsson, Terje Sveinsson, Dag Willy Mæland, Tor Haugen, eks-Flatdal, som er reserve for Helge Lauve og Vegard Lien, eks-Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den einaste spelaren som har meldt avgang komande sesong, er Einar Landsverk som prøvar seg i Skarphedin. Uvisst er det elles med veteranane Jørgen Heddejord og Dag Nordskog.

Tobben? Jau, han er alt i slag – seks mål vart det på Danmarksturen.

Eg har fått dette brevet:

«Signe Marie K.V. i all enkelthet – No skal du snart få til eit skrivemaskin-kurs, så gjeng du der sjølv – og byrjar skrive pressemeldingane og lysingane dine på nynorsk – for du bringer VTB-staben til fortviling. Elles beste helsing, Tore Skaug.»

Eg bed no lesarane hjelpe meg. Fyrst må det vera minst sjau – 7 – sju – til som er i same stoda at dei ikkje kan skrive på maskin. Slik at me kan slå oss saman og ta eit kurs. For det andre treng eg altså ei skrivemaskin – helst ei som skriv nynorsk – rett både grammatisk og ortografisk. Og så må den vera billeg. For det tredje – (for det må vera tre ting – alle gode ting er tre) må alle are vera så snille å skrive på maskin og på nynorsk til VTB så dei ikkje vert fortvila. Helsing Signe Marie Hei Signe Marie Godt du tek oss på alvor! Det er håndskrifta di som gjer meg fortvila, veit du – ikkje nynorsken. Det var ein prentefeil (!), men om du får tak i ei maskin som skriv berre nynorsk, så gjer ikkje det noko ... ts