Oda skåra seks då Seljord/Kviteseid klatra til andreplass
Samarbeidslaget Seljord/Kviteseid har no berre umoglege Fossum føre seg på tabellen. Oda Jonskås Bekhus skåra seks av måla i storsigeren mot Kvitsund.
Måndag var det klart for lokaloppgjer på Eventyrøy i Seljord. Seljord/Kviteseid fekk besøk av gymnaslaget Kvitsund. Det var aldri tvil om kvar sigeren skulle hamne og heimelaget vann til slutt heile 9-1. Oda Jonskås Bekhus held fram med å herje med motstandaranes forsvar og skåra seks av måla. Ingrid Barstad Birkrem, Margit Grønlid og Selma Brekkan teikna seg også på skåringslista. Sigersmarginen kunne, etter rapportane, vore større. I tillegg til dei offensive spelarane får målvakta Kaja Kasin Aase ros å ta seg av det Kvitsund skapte utover den eine reduseringa.
Samarbeidslaget har vunne 8 av dei 12 kampane denne sesongen og har no klatra opp til 2. plass på tabellen. Berre Fossum, som har vunne alle sine 12 kampar, er føre dei i 7-ar-avdelinga. Dei to laga møtest på Fossumbanen i siste serieomgang. Sjølv om serien er avgjort, vil det nok vera prestisje i å bli det fyrste laget som påfører den suverene serieleiaren eit poengtap. Men fyrst er det ny heimekamp - 4. oktober mot Bamble.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvitsund er på 5. plass på tabellen med 14 poeng etter 13 kampar.
oystein.oygarden@vtb.no