Meiner det for lett blir gruppemøte: – Kommunestyret er den politiske verkstaden
Lars Bjaadal (Sp) gjev seg i Seljord-politikken. I avskjedstalen bad han om at kommunestyret i framtida i større grad må vera den politiske verkstaden.
– Er den politiske debatten her i kommunestyret, eller blir det for raskt eit gruppemøte, undra den politiske veteranen då han takka for seg etter sin fyrste politiske periode i opposisjon.
Han let det ikkje vera noko tvil om kva han meinte.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me treng gruppemøte, men dei politiske diskusjonane å bryne seg på bør vera i kommunestyret. Det må vera den politiske verkstaden, sa han.
76-åringen sat i kommunestyret i Seljord frå 1995 til 2003.
Då var han med i posisjonen under ordførarane John Kleivstaul (Sp) og Edvard Mæland (H).
Han leia mellom anna kultur- og næringsutvalet i kommunen.
Frå 2003 til 2011 var han i fylkestinget – også då i posisjon som varaordførar.
For fire år sidan stilte han til val for Seljord Senterparti med ein intensjon om å skulle støtte den nye ordføraren i Seljord, Henry Mæland (Sp). Slik gjekk det som kjent ikkje.
– Det å vera i opposisjon har vore ei ny øving, innrømte Sp-politikaren.
Tida som politikar er over for 76-åringen frå Seljord, men han har nok å halde på med. Då VTB snakka med han dagen etter kommunestyremøtet stod han på farten for nokon dagar til fjells.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og så er eg så heldig at eg har ein god del styreverv, seier han.
Bjaadal er leiar av Hardangerviddarådet og styreleiar i både Vest-Telemark museum og Seljord Frivilligsentral, for å nemne noko.
Senterpartiet-veteranen var ein av dei som fekk blomar i sitt siste kommunestyremøte. Det gjorde også Mona Helen Haugan (Ap), Henry Mæland (Sp), John Olav Haugetuft (Sp) og Åsbjørg Moland (KrF) som var på sitt fyrste – og siste kommunestyremøte. Ho er vararepresentant, men neste periode er ikkje partiet ikkje ein del av det politiske landskapet i Seljord sidan dei ikkje klarte å stille liste. Også varaordførar Jon Svartdal og rådmann Finn-Arild Bystrøm fekk blomehelsing frå ordførar Halfdan Haugan (Ap).
– Dette kommunestyret er unikt. Uansett korleis valet går, blir det eit anna kommunestyre neste periode. Det har vore friske diskusjonar, men det har vore ei god tone, sa Haugan.
– Me som politikarar er avhengige av ein god administrasjon. Me er krevjande og utolmodige, og administrasjonen kan ikkje trylle, men me er stolte av jobben dei gjer, heldt ordføraren fram.
oystein.oygarden@vtb.no