Over ein mannsalder med årsskrifter
Tokke historielag er 38 år. Nesten utan unntak har dei sidan 1980 gjeve ut årsskrifter. No er årets bok klar.
«Det skal vera eit skriv av folket og for folket, og difor vil ein at so mange som råd er med og skriv. Ein og annan klagar over at dei duger ikkje til det, om dei enn aldri so gjerne ville. Striden millom evne og vilje fær me alle leva med, den tryt aldri.»
Dette skreiv Olav Grimdalen i føreordet i historielagets fyrste årsskrift i 1980.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årets utgåve er på vel 80 sider, og har eit vidt spenn i innhaldet. Alt frå treskjerar og knivmakar Knut H. Hovden til nysgjerrigper-prosjekt og taubanedrifta i Huvestadfjellet på Dalen.
Skilderi
Gamle bilete er også med i boka. Gamle Bandak hotell og vaskeriet etter Dalen Gruber er blant dei historiske fotografia.
Arne T. Aabø har skrive om spelemannen Tarjei Besteland frå Setesdalen og ætti hans frå Telemark. Same forfattar har også skrive om både den gamle og nye Vindlausbakken i Eidsborg.
Historia til Samvirkelaget i Høydalsmo er også med i årsskrifta. Ein av mange styreleiarar opp gjennom åra, Thor Arne Heggtveit, har ført ho i pennen.
Ti bidragsytarar har skrive i årsskriftet, og innhaldet er fordela på mange ulike tidsepokar og tema.