Feira tiårsjubileum med stamgjestene
Dei har aldri kringkasta slagordet sitt «ein ring om dagen gjev ring rundt magen» noko særleg. Men det var altså kransekakeringar som gav namn til Kakeringen for ti år sidan. Fredag var det lang kø av stamgjester som ville vera med på å feire kaféjubileet.
kjem frå. Sidan då har det utvikla seg, og i dag er det bakeri, konditori og kafé i lokala i Bratlandsbygget i Åmot.
Ordførar Jon Rikard Kleven var spesialinvitert gjest på 10-årsmarkeringa, og han seier at Kakeringen er meir enn ein kafé med høg kvalitet på mat og service.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er også eit varmt og hyggeleg kafétilbod med sjarmerande personale. Folk vil ha Kakeringen – og difor er de her framleis etter 10 år, og de kjem til å vera her lenge, sa ordføraren då han opna dei nyoppussa lokala – og fekk eit stykke av jubileumskaka.
Leiar Årlid fortel at kaka blei delt opp i rundt 80 bitar – men det blei ikkje nok til å mette alle jubileumsgjestene.
– Det er så moro at så mange ville koma og feire med oss, smiler ho.
Dei tilsette har halde på frå morgon til kveld i dagane før nyopninga. No står Laila Kringlåk og Inger Signe Nylend Bråstøyl klare til å servere jubileumskaka som Liv Midtveit skjer opp. Dei svinsar smilande rundt i lokalet og syter for at alle dei frammøtte får ein kakebit og ein kaffikopp.
– Her set du deg saman med andre
Aud Groven er stamgjest på kafeen, og har funne seg eit bord saman med mannen Øystein Løk og veneparet Inger Marie og Pål Berdal.
– Forskjellen på Kakeringen og andre kafear er at her set du deg saman med andre. Andre stader set du deg for deg sjølv på eit bord, sjølv om naboen sit ved nabobordet. Det gjer ein aldri her, seier Groven.
– Kva er årsaka til det, trur du?
– Eg veit ikkje! Det har eg lura på sjølv også, smiler Groven.
Artikkelen held fram under annonsen.
Generasjonsmiks
Også assisterande helse- og omsorgssjef i Vinje, Alv Dag Brandal, trekkjer fram det sosiale som eit viktig særtrekk ved Kakeringen.
– Det er ein viktig sosial arena. Ein stad ein kan gå til og anten velje å vera sosial og byggje nettverk, eller for å berre vera rundt andre, seier Brandal.
Rådmann Jan Myrekrok er samd, og meiner det er viktig å halde på dei etablerte møteplassane.
– Her sit både unge småbarnsforeldre og pensjonistar. Det er ein god miks av generasjonar, seier han.
På sekundet klokka 10
Tom Nilsen og Einar Nordskog er to av dei aller fastaste gjestene på kafeen. Kvar dag, på sekundet klokka 10, er dei fire-fem mannfolk som kjem for å bestille kaffi og setje seg ved det faste bordet. Så kjem det fleire innom etter kvart.
– Men laurdagar har me fri, slår Nilsen fast.
Han seier Kakeringen betyr veldig mykje for karane som møtest der. Mange synest kanskje ikkje det er så lett å koma seg ut, eller å møte folk i kvardagen. Men ved pensjonistbordet på Kakeringen er alle velkomne.
Kvito AS, som Kakeringen er ein del av, er ei attførings- og arbeidsmarknadsbedrift eigd av kommunane Vinje, Tokke, Kviteseid og Nissedal.