Omkom etter at kano velta på Totak
Politiet stadfesta like etter klokka 22 sundag at mannen som fall i vatnet etter at kanoen kantra på Totak er død.
Den omkomne – ein mann i 50-åra – skal ha vore på kanotur med to av sine born. Dei var turistar i Noreg, melder politiet på Twitter.
Politiet fekk klokka 19.27 melding om at ein kano hadde velta på Totak i Rauland. Ein person hadde falle i vatnet. Luftambulanse og redningshelikopter blei tilkalla, i tillegg til dykkarar og båtar. Innsatsleiar Karl Martin Rugstad seier til VTB at det blei gjort funn klokka 20.30. Det vart då sett i gang forsøk på gjenoppliving utan hell.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei næraste pårørande er varsla.
– Politiet ynskjer å berømme og takke frivillige og profesjonelle mannskap for innsatsen som blei gjort for å finne mannen og for ivaretakinga av barna. Kommunes kriseteam er varsla og vil følge opp familien, melder politiet.