Familien frå Burundi er lykkeleg over å ha kjøpt hus i Treungen, og er glade i å bu i bygda. Fem av dei sju i familien hadde høve til å vere med på bildet.
Familien frå Burundi er lykkeleg over å ha kjøpt hus i Treungen, og er glade i å bu i bygda. Fem av dei sju i familien hadde høve til å vere med på bildet.

Nye flyktningar i vente

Fjorårsintegreringa av Nissedals fyrste flyktningar på mange år er i rute. Den eine flyktningfamilien har no kjøpt hus i Treungen. Snart flytter to syriske familiar til kommunen og blir nissedølar, og truleg kjem det éin familie til utpå hausten.

I fjor sommar busette Nissedal ein flyktningfamilie på åtte personar frå Kongo, og ein familie på sju frå Burundi. Av dei totalt 15 personane blei sju personar med i eit toårig introduksjonsprogram, som er for dei frå 16 år og oppover. Det blei etablert ein stad for vaksenopplæring i eit tidlegare kafélokale i Treungen sentrum.

Kvar person som er med i programmet har fått sin individuelle plan å fylgje, og eit sjølvsagt mål er å lære norsk. I planen står det kvar dei kan ha praksis, og kva dei ynskjer å jobbe med i framtida. Vidare kan det vere at nokon ynskjer å ta bilsertifikat.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er å kvalifisere dei for utdanning eller jobb. Dei skal bli uavhengige, så fort som råd bli sjølvhjelpte.

Dette seier flyktningkonsulentane Kristin Parkinson Vågen og Hølje Haugsjå, og Anne Margrethe Espelid. Sistnemnde er leiar i eining for kultur, som integreringa av flyktningane ligg under.

Tidleg arbeidstrening

I tillegg til å vere tre dagar i veka i lokalet for vaksenopplæring, er flyktningane ute i arbeidspraksis der det også er søkjeljos på å lære meir norsk. Alle einingane i kommunen har sagt ja til å ha flyktningane i slik praksis. Dei nye innbyggjarane har to dagar i veka mellom anna vore i jobb på skulen, Mila, teknisk eining, omsorgssenteret og hos dei private verksemdene Knut Haugsjå og Nissedal landhandel.

– Det har stor verdi å få arbeidstrening tidleg. Tilbakemeldinga frå arbeidsplassane har stort sett vore god, seier Hølje Haugsjå.

Fire av dei sju flyktningane sluttar i vaksenopplæringa til ferien og skal i august byrje i innføringsklassa på vidaregåande skule i Bø. Dei får flyktningstipend og bortebuarstipend frå Statens lånekasse, og skal klare seg på det.

Flyktningbarna går på skulen i Treungen, og har opptil 16 timar særskild norskopplæring i veka. Resten av skuletida er dei med i klassa der dei høyrer heime etter alderen.

– På skulen har det gått etter planen med integreringa, men det har vore ein tilpassingsperiode, seier Haugsjå.

Vidare er tre barn i barnehagen i Treungen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotballtrenar

I samband med integreringa blir kultur sett på som viktig. Fleire av flyktningane har blitt med på kulturområdet, og nokon bidreg med song på ulike arrangement. Ein person vil vere fotballtrenar for det lokale laget til gutar 12 år. Ein annan hjelper med andre ting på treninga.

Familien frå Burundi har no kjøpt hus i Treungen.

– Då er dei veldig tydelege på at Treungen er ein fin plass og at det er her dei vil bu, seier Parkinson.

Einingsleiar Espelid oppsummerer dei ti fyrste månadene til flyktningane slik:

– Det har vore nokon utfordringar, og det er vanleg. Alt i alt har det gått bra, ogme har også måtta lært oss noko nytt, seier ho, og får nikk av flyktningkonsulentane.

Parkinson synest ho har ein veldig artig jobb.

– Og det som er bra er at me står ikkje aleine i kommunen, men har med oss leiinga, rådmann, ordførar og andre, smiler ho.

Opptil 15 nye

Kommunestyret i Nissedal har sagt ja til å ta imot inntil 15 flyktningar i år. I sommar kjem det ein syrisk familie på fire personar og ein på seks personar som skal busette seg i kommunen. Dette er overføringsflyktningar som kjem direkte frå flyktningleirar eller andre stader ute i verda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det seinare i år kjem inntil fem nye flyktningar, er dette høgst truleg også folk frå Syria som heller ikkje sit på asylmottak i Noreg og ventar på fast bustadplass.

– Det er mykje lettare å få familiar om me bed om overføringsflyktningar, seier Haugsjå.

Trivst i fritidsjobb

Ein av dei som har lagt merke til at Penuela (17) frå Burundi alltid er blid, er dagleg leiar Frank E. Lien i Z-museum i Treungen. Det enda med at ho fekk tilbod om jobb på museet utanom skuletida.

– Penuela sa ja med ein gong. Ho driv med alt frå å bake kake til å vaske utstillingsbilar. Ho er knallflink, og vil både lære og arbeide. Og så er ho sosial. Penuela passer veldig fint inn på museet, seier Lien.

At smilet er på plass er lett å sjå når ein møter Penuela.

– Eg likar å jobbe på museet, og det er moro å treffe folk. Og det er triveleg å bu i Treungen, seier den nye nissedølen som til hausten skal på vidaregåande skule i Bø.

Men før ho kjem dit, blir det å øve meir på norsken. Penuela går rundt og syng norske songar for å lære seg språket betre.

Treng både omsorgs- og flyktningbustader

Ved Nissedal omsorgssenter i Treungen er det fire omsorgsbustader, men signalet ei tid har vore at det er behov for fleire. Det kan avlaste behovet for institusjonsplassar, og vere eit tilbod til innbyggjarar som føler seg utrygge i eigen heim. Det har vore fleire døme på personar som har blitt lagt inn på institusjon, som kunne klart seg ein periode i omsorgsbustad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare er det eit relativt akutt behov for bustader til dei 15 flyktningane som kommunestyret har sagt ja til å ta imot i år.

I årets budsjett er det sett av tre millionar kroner til omsorgs- og flyktningbustader som kommunen skal byggje og eige. For omsorgsbustader er det svært gunstige tilskotsordningar frå Husbanken. I tillegg får kommunen att momsen i investeringa. Blir byggjeprisen for éin bustad på 50 kvadratmeter 1 750 000 kroner, må kommunen ta bare 612 500 kroner av kostnaden. Flyttar folk inn i nye kommunale omsorgsbustader, går kommunen i balanse på investeringa med leiga som kjem inn.

Ved bygging av flyktningbustader kan ein søkje om tilskot i kvart enkelt tilfelle, og 30–40 prosent av byggjekostnaden er realistisk å få dekt.

Over reell verdi

For å løyse behovet for flyktningbustader i år, ser rådmannen kjøp eller leige av bygg som einaste realistiske løysinga. Nokre få meter frå småskulen i Treungen er det eit hus for sal, den tidlegare forstandarbustaden. Dette er ein eldre bustad med låg eller nøktern standard.

«Den blir vurdert til å vere av ein slik standard at den kan nyttast som bustad, utan nokon større påkostnader. Ved kjøp av denne bustaden sikrar kommunen seg også eit sentralt areal i høve til skulen. Delar av tomta kan til dømes nyttast til å utvide uteområdet», skriv Jarle Bruun Olsen i saksutgreiinga til politikarane.

Prisen på 1 490 000 kroner vurderer han å vere over reell verdi, og tanken er å leggje inn eit lågare bod enn dette.

«Bustaden kan nyttast til flyktningbustad over nokre år, men på eit tidspunkt må ein ta stilling til om bustaden skal oppgraderast eller vurdere å rive han», skriv sakshandsamaren.

Endå fleire bustader

Rådmannen bed kommunestyret om fullmakt til å kjøpe eigedomen innafor ei ramme på 1,2 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det neste i tilrådinga er å gje prosjekterings- og byggjenemnda (formannskapet) i oppdrag å prosjektere bygging av fire omsorgsbustader i nærleiken til omsorgssenteret. Prosjekteringa skal avklare plassering av bustadene, og ha ein plan for bygging av ytterlegare nye omsorgsbustader.

Vidare tilrår rådmannen at nemnda skal prosjektere bygging av to 2-mannsbustader til flyktningar. Bustadene skal byggast på kommunale tomter.

Nemnda kan nytte inntil 100 000 kroner til prosjektering av desse seks bustadene.

Kjøp av bustad og prosjekteringskostnadene blir dekt ved å ta frå dei tre millionar kroner som er sett av i investeringsbudsjettet til bustader.