Beinvegen mellom Seljord og Hjartdal tek form
Eitt år etter at gjennomslagssalva gjekk av inne i Mælefjell, fekk me på ny ta turen inn til tunellarbeidarane. Denne gongen til ei tørrare utgåve enn i fjor. Nå er dei fleste vass-sprekkane plugga og 9,4 kilometer asfaltert dekke har kome på plass i vegprosjektet til 2,2 milliardar kroner. Men det er enno 1,5 år til tunellen opnar for trafikk.
– Det er mykje arbeid som står att. Kostbart arbeid, fortel assisterande prosjektleiar Trond Øygarden frå Statens Vegvesen, medan me køyrer inn gjennom tunellporten på Århus i Seljord. Frå ljost til mørkt.
Me rullar innover i den desidert lengste tunellen både på Sør- og Austlandet. I dag på 35 000 tonn nytt asfaltdekke som har kome på plass gjennom heile tunellen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me var i tunellen same dag for eitt år sidan også, den gongen for å kjenne på trykket frå dynamitten som gjorde gjennomslag på stuff – i dag får me køyre gjennom heile tunellen saman med prosjektleiinga medan arbeidet går sin gang inne i fjellet.
Ekstremsport
Sjølv om vegen er plan under gummihjula, står det mykje manuelt arbeid att. Montering av fleire ulike skumplater skal på plass før sprutbetongen fullfører overflata i tak og veggar.
Ved sida av oss sit prosjektleiar for Statens vegvesen, Odd Johansen. Han tok over leiarjobben for tunellprosjektet for ein og ein halv månad sidan, då Trude Holter gjekk over i ei stilling der ho skal leie den strategiske utgreiinga av riksveg 36. Johansen kom mellom anna frå stillinga som prosjektleiar for omfattande tunellrehabilitering i region Sør og bruvedlikehald og byggjebransjen.
NCC har vore hovudentreprenør - og prosjektleiarane er mektig imponerte over korleis arbeidsfolket har handtert utfordringane.
– Vatn med ekstremt trykk har vore den største utfordringa med arbeidet i tunellen her. Men eg må seie at arbeidslaga har gjort ein fantastisk jobb, både entreprenør og byggherre har drive ekstremsport. Me har aldri vore i nærleiken av vatn med eit slikt trykk i tunellarbeid før. Heile 85 bar har vatnet hatt ut av fjellet. Heime i vasskrana har vatnet kanskje eit trykk på 4–5 bar, seier Johansen.
Kvartsitt og viltert vatn
Arbeidsfolket i Mælefjelltunellen har på det verste opplevd at det har fossa inn 3 000 liter vatn i minuttet i tunellen.
Då arbeidet med tunellen starta i 2014 var det vanskeleg å spå kor mykje vatn fjellet ville servere arbeidsfolket.
Fjellet inneheld mykje kvartsitt som er steinhardt, og når det sprekk blir det raskt fylt med grunnvatn. Over tunellen er det om lag tusen meter opp til toppen, og trykket på vatnet inne i fjellet hadde arbeidarane aldri sett liknande til før.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med spesialutvikla pakningar til pumpeutstyret fekk dyktig mannskap vassa seg søkkblaute dag etter dag og til slutt stogga vatnet – temt fjellet. Rundt 150 trailerlass med sement vart pumpa inn i dei 90 000 hola som no er plugga att.
– Injeksjonen er permanent, dei gamle fjellfolka sa at det «maura» seg. Så med tida vil sprekkane i fjellet bli endå meir tetta av den spesiallaga sementen som er bruka, seier Johansen.
Tryggleiken på topp
Med ein tunell på 9,4 kilometer som ikkje har andre rømmingsvegar set Statens vegvesen tryggleiken heilt øvst. Det blir høve til å snu med lastebil og vogntog sju stadar, den største blir fjellhallen midt i tunellen.
Inn gjennom fjellet passerar ein stadig tekniske bygg som er under arbeid, heile ti bygg blir plassert inne i fjellet og to utanfor. Her skal ein huse transformatorar og anna teknisk utstyr. Arbeidet med det tekniske utstyret startar til hausten, og det er Aventi som fekk anbodet med å utføre alt arbeid knytt til straum og installasjonar.
– Det vil vere kamera for kvar 50. meter i tunellen slik at Vegtrafikksentralen med ein gong kan sjå om eit køyretøy stoppar i tunellen. Skjer det uhell kan dei sjå kvar du er, eit avansert bomsystem kan stogge trafikken og det blir plassert 85 naudtelefonar som varslar sentralen straks du tar av røyret med eksakt plassering. Som ein av dei fyrste tunellane i Noreg får også tilsette ved Vegtrafikksentralen høve til å snakke til trafikantane via 200 høgtalarar som blir montert i tunellen. Det blir også 24 brannhydrantar kopla til eit høgdebasseng som inneheld 450 000 liter vatn, seier Johansen.
Prosjektleiaren fortel at dei vil setje av to månadar til øving og testing av alt i og rundt tunellen før han opnar i 2019.
– Då blir det mellom anna opplæring knytt til Vegtrafikksentralen og brannvesen, seier Johansen.
Brått skimtar me ljoset att der framme. Etter 9,4 kilometer møter blå himmel, grøne knoppar på trea og sola oss på Gvammen. Takk for prøveturen, me gler oss til opning før jol i 2019.