Bil på taket i Edland
Føraren av bilen skal ha fått kuttskadar.
Kvart over fem fekk politiet melding om ein bil som har hamna på taket i Edland.
Rett etter klokka seks seier operasjonsleiar Truls Fjeld til TA at brannvesenet var fyrst på staden, og at personen som var i bilen skal ha fått nokre kuttskadar. Vedkommande skal ikkje vera alvorleg skada utover det.
Artikkelen held fram under annonsen.
#Vinje17:16 Melding om bil på taket på E134 ved Edland. Nødetatene er på vei.
— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)30. november 2018