Knut Fles (t.v.), Tarjei Gaastjønn, Roger Helmersen og Knut Urbø, håpar skulen på Åmdals Verk vil overleve, men fryktar det verste.
Knut Fles (t.v.), Tarjei Gaastjønn, Roger Helmersen og Knut Urbø, håpar skulen på Åmdals Verk vil overleve, men fryktar det verste.

Det gloheite samtaleemnet

Sjølvsagt er det ikkje slik at folk på Åmdals Verk snakkar om same tema dag etter dag etter dag. I alle fall ikkje fram til skulesaka kom på bordet.

Me vil bare ha det me har. Me er ikkje eit storforlangande folk.

Knut Urbo

Artikkelen held fram under annonsen.

Kaffikroken i nærbutikken på Åmdals Verk er ein triveleg stad å samlast for bygdefolk. Tysdag føremiddag sit fleire karar og slår av ein prat når me spør om å få høyre kva dei meiner om at skulen kan bli lagt ned.

– De har kanskje alt snakka om temaet i dag? – Ja, er det samstemte svaret. Knut Fles er ikkje oppteken bare av skulen i bygda, men også eit anna godt tilbod.

– Reiser dei med skulen til Dalen, kan dei risikere at butikken går også. Då ryk det tre arbeidsplassar, seier han.

Blir skulen lagt ned fryktar Fles at foreldre i Austheii og Skreosen sluttar å handle i butikken når dei køyrer forbi der for å hente barn.

Rasering

Eit anna tema blant kaffigjengen er at utan skule i bygda har nokon foreldre snakka om å ta med eigne barn til skulegang i Vrådal eller Fyresdal når dei vaksne skal på arbeid i desse bygdene. Vidare blir det reagert på den lange reisevegen og tida barn blir borte frå heimen ved å bli flytta til annan skule. Slikt etterlyser dei meir søkjeljos på. Dessutan lurar dei på kva kommunen innbillar seg når forslaget er å seie nei til privat skuledrift i dagens bygg. Eit anna spørsmål er kva som vil skje med den enorme dugnadsviljen på Åmdals Verk om skulen forsvinn.

Knut Urbø tenkjer på Ap i kommunen som vil leggje ned nærmiljøskulen.

– Åmdals Verk har vore Ap-bastion i alle år. Eg trur Ap-folk her er veldig skuffa. Og tenk på skiløypa, fotballbanen, skileikanlegget og grillhytta som skulen på Åmdals Verk kan bruke fritt ..., seier Urbø.

– Kommunen har lagt til rette for offentleg byggjefelt her. Om skulane blir lagt ned vil husprisane rase og grendene blir raserte. Vil dei som var elevar her og no er i produksjonsalder kome heim att når det ikkje er skule? Og eg er frykteleg redd for butikken og kaffikroken, einaste sosiale møteplassen for mange, held han fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innsparingsforslag

Før Roger Helmersen og familien flytta frå Brevik til Austheii undersøkte han noko som var svært viktig for dei.

– Eg forstod det var flotte oppvekstvilkår i Austheii og på Åmdals Verk, og det avgjorde flyttestaden. Eg hadde aldri flytta hit i dag, seier han når det no ser ut som at skulen på Verket forsvinn.

– Tokke kommune byrjar i feil ende. Dei slaktar før dei har byrja med oppdrett. Det som vil skje om skulen blir lagt ned, er at familiar med barn kanskje flyttar vekk. Då blir det billige hus over alt til leige. Eg trur skulenedlegging blir ein tragedie på sikt for Austheii og Åmdals Verk. Tenk på reklamen Tokke får ute i fylket. Kommunen skyt seg sjølv i foten seier Helmersen.

– Tokke viser seg meir og meir å vere barnefiendtleg kommune, og skuvar meir og meir over på foreldra. No må eg ta fri frå jobb fire timar for å køyre barna mine til tannlege i Åmot, held han fram. – Kva meiner du kommunen kan gjere for å rette på økonomien?

– Det verkar som Tokke har ein relativt topptung administrasjon. Og kommunen gav akkurat ein halv million kroner til Vest-Telemark museum til ein kopi av Bandak-kanalen, svarar Helmersen.

Kortsiktig tenkt

Tarjei Gaastjønn synest saka om at skulen kan forsvinne er trasig.

– På 70- og 80-talet blei skulane og barnehagane i Åmdals Verk, Byrte og Lårdal rusta opp til å vere topp moderne. Politikarane var framsynte. Det er meiningslaust no å byggje det ned att, seier han. Han fortel at bygda er veldig fornøgd med slik skulen har fungert i alle år. Vidare peikar han på at det er gode elevprognosar for Åmdals Verk, og at opptil ti unge familiar har etablert seg i området som soknar til Verket.

– Det er heilt avgjerande då med skule og barnehage, slår Gaastjønn fast. Han meiner resultatet av skulenedleggingane på sikt vil bli ei nedbygging av grendene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir eit kjempeproblem å få nokon til å etablere seg i grendene. Det verkar så kortsiktig tenkt å leggje ned skulane, seier Gaastjønn.

– Men kvar skal kommunen finne pengane det er behov for?

– Kommunebudsjettet er såpass stort at det må gå an å finne pengar. Det er bare vel 2.000 innbyggjarar i Tokke, og då verkar det råflott å ha to symjebasseng og to ungdomsskular. Slepp ein å ha parallellklasse treng det bare å vere Knut Urbø ein ungdomsskule i vesle Tokke kommune. Me er ikkje ute etter å rakke ned på Høydalsmo. Men å ha bare ein ungdomsskule er ein del av det totale bildet i økonomien, svarar Gaastjønn.

Ikkje storforlangande

Elles føler han kommunen ikkje har tatt omsyn til nokon av høyringssvara i struktursaka. Vidare etterlyser han at politikarane stiller opp i debattar før saka blir avgjort i kommunestyret. Det er Helmersen heilt samd i.

Urbø har behov for å presisere noko.

– Me vil bare ha det me har. Me er ikkje eit storforlangande folk.

Det siste spørsmålet til dei fire som har delteke i ordskiftet er kva kommunestyret kjem til å vedta like etter påske.

– Me må få ein sakleg og god debatt fyrst blant politikarane. Dei må vise ansvar at dei tør ut og seie kva dei meiner. Eg håpar saka ikkje alt er avgjort, men eg har eit inntrykk av at nokon politikarar og administrasjonen vil bruke pisken for å få gjennom skulenedleggingane, seier Helmersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg fryktar skulen blir lagt ned, seier Fles.

– Eg au. Men eg håpar politikarane ser litt lenger fram. Vidare at dei ser på reisevegen for dei små. Blir det nedlegging håpar eg i alle fall at 1. til 4. klasse blir freda, seier Gaastjønn.

– Eg er redd det blir nedlegging, men håpar det snur i siste liten og at politikarane les grundig alle innspela som har kome, seier Urbø.