- No får eg omsider dra nytte av utdanninga og erfaringa mi, seier nytilsett skog og utmarksrådgjevar i Tokke, Per Wraa.
- No får eg omsider dra nytte av utdanninga og erfaringa mi, seier nytilsett skog og utmarksrådgjevar i Tokke, Per Wraa.

Skog- og utmarksrådgjevar på plass

Han skulle berre hjelpe til med skogplanting i Kleivgrend ein sommar. Det blei til 18 år i kriminalomsorga. No ser Per Wraa fram til å hjelpe skogeigarane i sin nye jobb i Tokke kommune.

– Eg har aldri hatt dynnskilt før, det er ei skikkeleg oppgradering, smiler Wraa.

Han byrjar gradvis i stillinga, og frå og med juni er han i full jobb på kommunehuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trappar gradvis ned jobben som fengselsbetjent i fangeleiren i Kleivgrend, så derfor blir det ein forsiktig start, fortel han.

Ein månad blei 18 år

Wraa blei spurt om han kunne hjelpe til med litt skogplanting i Kleivgrend ein månads tid sommaren for 18 år sidan.

– Den månaden blei til 18 år. Det er vemodig å slutte, men samstundes er 18 år i kriminalomsorga nok. At fangeleiren ser ut til å bli lagt ned har i utgangspunktet ikkje noko med avgjerda mi å gjere. I jobben som skog og utmarksrådgjevar får eg nytte utdanninga mi innan skogbruk. Dei siste åra har det stort sett blitt i eigen skog at eg har hatt nytte av den, forklarer Wraa.

Mange oppgåver i skogbruket

– Kva kan folk få hjelp til hjå deg?

– Alt som har med skogbruk å gjere. Det kan vere bygging av traktor- eller skogsbilveg, det kan vere spørsmål om ungskogpleie, eller det kan vere vurdering og eventuelt godkjenning av hogst. Eg har lyst til å snakke med folk, så det er berre å ta kontakt om det er noko dei lurar på. Det er ein positiv vind i skogbruket for tida, seier han.

Wraa seier at han skal hjelpe skogeigarane til å kome best mogleg økonomisk ut av å forvalte skogen.

– Eg gler meg skikkeleg til å kome ordentleg i gang, avsluttar den nytilsette rådgjevaren.