Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar i justiskomiteen, fortel at Ap vil løyve meir pengar enn regjeringa til politiet, domstolane og kriminalomsorga i 2018.
Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar i justiskomiteen, fortel at Ap vil løyve meir pengar enn regjeringa til politiet, domstolane og kriminalomsorga i 2018.

Bekymra for rettstryggleiken

Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar i justiskomiteen, seier forslaget til regjeringa om statsbudsjett 2018 gjev kutt i løyvingane til både politi, påtale og domstolar.

– Dette bekymrar meg i ei tid der me har aukande saksinngang i domstolane, folk må vente lenge for å få si sak behandla, ein opplever for lite politi ute og at politiet ikkje har kapasitet til å kome når folk faktisk treng det. I Vest-Telemark har me store avstandar, og me veit det er ei stor utfordring med responstid. Eg har fått fleire ganske alvorlege døme frå våre ordførarar på konsekvensane av dette. Det er difor heilt naudsynt å styrke politidistrikta kraftig, og ikkje kutte, seier Vågslid.

Dersom regjeringa sitt framlegg til budsjett for politiet for 2018 blir vedtatt har Vågslid høyrd at politidistrikt Sør-Øst der Vest-Telemark er med, kanskje må kutte så mange som 30 årsverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje i tråd med forliket om politireforma der ein tydeleg seier at politiet skal styrkast lokalt. Arbeiderpartiet foreslår å løyve 300 millionar kroner meir enn det regjeringa vil gje til politi og påtale for 2018. Berre gjennom ei kraftig styrking vil ein klare å tilsette fleire folk, auke kapasiteten og styrke etterforskinga. Politiet seier dette er naudsynt, og eg trur folk merkar at dette trengst, seier Vågslid.

I tillegg til at Vågslid meiner regjeringa sveltefôrar domstolane veit ho at det er sterke krefter i sving for å sentralisere tingrettane ytterlegare.

– Dette vil eg åtvare mot, og eg meiner sentraliseringa svekkar folk sin rettstryggleik. Arbeiderpartiet ønskjer ein desentralisert struktur, og vil styrke domstolane med 22 millionar kroner for 2018.

Elles konstaterer Vågslid at kriminalomsorg for Høgre- og Frp-regjeringa framleis handlar om å sende pengar til Nederland.

– For 2018 foreslår dei å bruke ytterlegare 89 millionar kroner på å leige plassar i utlandet, til tross for at det er ledig kapasitet i Noreg. For Vest-Telemark heng nedleggingsspøkelset over fangeleiren i Kleivgrend i Fyresdal, og me kjem til å gjenta i budsjettet at me er imot å legge denne ned. Me meiner me heller bør styrke kriminalomsorga i Norge, og foreslår 50 millionar meir til kriminalomsorga. Me kjem også til å stemme mot avtala med Nederland, slik me har gjort tidlegare, seier Vågslid.

Spørsmålet er om forslaga til Ap vil kome inn i statsbudsjettet.

­– Eg trur forslaga legg betydeleg press på dei andre partia, og håpar dette vil påverke forhandlingane mellom regjeringspartia, Venstre og KrF, avsluttar Vågslid.