Blir det nedlegging av fangeleiren i Kleivgrend eller ikkje?
Blir det nedlegging av fangeleiren i Kleivgrend eller ikkje?

Føler nedleggingsspøkelset herjar heile tida

Torsdag fekk dei tilsette i fangeleiren i Kleivgrend melding frå leiinga at det snart er slutt på tilbodet i Fyresdal. Dei tilsette gjev likevel ikkje opp kampen for å behalde den opne soningsstaden.

Per Wraa frå Vråliosen har vore fengselsbetjent i skogsleiren i Kleivgrend i 13 år. Han er éin av 17 tilsette fordelt på 16 årsverk som er knytt til avdelinga Arendal fengsel har i Fyresdal, der det er 28 soningsplassar.

– Alle me tilsette fekk sist torsdag melding frå leiinga i Arendal om at fangeleiren i Kleivgrend blir lagt ned i 2020. Ingen av oss blei glade, for å seie det slik, seier Wraa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tilsette i leiren har tidlegare høyrd snakk om at det opne soningstilbodet i Fyresdal skal leggast ned.

– Nedleggingsspøkelset herjar heile tida. Endringar i fengselsprosessen i seinare tid gjorde at me hadde litt trua på at det skulle gå vegen. Etter meldinga me fekk nyleg er alle tilsette klare til å ta opp kampen for å berge leiren. I denne kampen skal me ikkje køyre på argumentet om arbeidsplassar, men om soningsforhold som er svært viktig for dei det gjeld. Det er heilt unike soningsforhold i Kleivgrend,  seier Wraa.

Byggjer ikkje for framtida

Han har fått beskjed om at ein ikkje treng ha opne soningsplassar lenger – argumentasjonen er at ein heller skal ha EK-soning, heimesoning med fotlenke.

– Av ulike årsaker er ein del av dei som kunne vore på open soning ikkje aktuelle for EK-soning, veit Wraa.

Han har fått med seg at planen nå er å byggje nye fengsel med 200 plassar i Froland og 100 i Mandal. Vidare at det i samband med nyetableringane skal leggast ned 120 plassar i Agder, fordelt på Kristiansand, Arendal og fangeleiren i Kleivgrend.

– Då sit Agder fengsel att med ein netto på 180 plassar. Eg føler dei byggjer for nåtida, og ikkje framtida, seier Wraa, undrande til om dette er nok plassar i åra framover.

Wraa kjenner til at Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) tilrår at avtala med Nederland om fengselsplassar der blir forlenga.

– Ein vil altså bruke pengane i Nederland og legge ned arbeidsplassar i Noreg (Kleivgrend). Nederlandsprosjektet kostar i fylgje KDI 270 millionar kroner i året! Det tilsvarar over 3000 kroner per innsett dagleg ved fullt belegg ved fengselet (242 plassar, seier Wraa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser ikkje heilt logikken

Det har kome signal om at ein statssekretær i Justisdepartementet er ein del av ein større delegasjon som skal til fangeleiren snart, og der møter også tillitsvalde og leiinga i Arendal fengsel.

– Beskjeden me har fått er at delegasjonen kjem for å seie at fangeleiren blir lagt ned. Eg synest det er rart at dei gidd å bruke ein heil dag for å møte i leiren og seie at arbeidsplassen vår blir lagt ned. Eg ser ikkje heilt logikken i det, avsluttar Wraa.

– Inga avgjerd om å leggje ned

Før helga bad VTB mellom anna stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) kommentere signal om at fangeleiren blir lagt ned i 2020. Laurdag hadde Hoksrud ein prat med partifelle og justisminister Per-Willy Amundsen.

– Justisministeren sa at ein har sagt at ein skal sjå på fengselsstrukturen, men fortsette med å seie at det ikkje er fatta avgjerd om å leggje ned fangeleiren i Kleivgrend, seier Hoksrud.

Telemarksrepresentanten seier han framleis vil jobbe for at fangeleiren består også etter 2020.

– Men det er sjølvsagt ein kamp. Det er ikkje tvil om at det finst personar i systemet som vil leggje ned leiren. Saka har vore oppe med jamne mellomrom, seier Hoksrud.

Fleire vil kjempe vidare

I vedtatt budsjett for 2016 har regjeringa lagt til grunn at i samband med bygging av nytt fengsel i Agder, skal 120 fengselsplassar forsvinne, og mellom anna gjeld det plassane i fangeleiren i Fyresdal, etter det VTB har høyrd. Ei slik nedlegging er ikkje stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold (KrF) frå Telemark einig i.

– Det stemmer at eg har sagt eg vil jobbe for å oppretthalde skogsleiren i Fyresdal. KrF la derfor inn ekstra midlar i vårt alternative budsjett for 2016, men fekk ikkje gjennomslag for det i forhandlingane. Nå ligg nedleggingsvedtaket der med planar om å stenge ned i 2020. I og med at det nå skal byggast andre typar soningsplassar enn det som var tenkt i Froland og Evje (lukka plassar), meiner eg det vil vere fortsatt behov for dei typar soningsplassar som er i Fyresdal, og eg vil jobbe for det, seier Bekkevold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjev heller ikkje opp

Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Telemark har også lova å stå på for at fangeleiren ikkje blir lagt ned, sjølv om partiet sentralt meiner noko anna.

– Om skogsleiren blir lagt ned er det i så fall i 2020. Me får bruke tida til å argumentere for at dette er spesielle og verdifulle plassar – noko heilt anna enn lukka fengsel. Me må nå prøve å samle krefter og jobbe på vidare for saka, og eg håpar i det lengste at det går bra, seier Abrahamsen.

To avdelingar

I revidert nasjonalbudsjett for 2017 føreslår regjeringa oppstart av byggjeprosjekt med nytt fengsel i Agder. Det blir etablert to avdelingar – 200 plassar i Froland og 100 i Mandal, der også administrasjonen skal liggje.

«Nye Agder fengsel skal bidra til å dekkje behov for kapasitet til straffegjennomføring for å unngå soningskø og sikre at politiet får nok varetektplassar», skriv Justisdepartementet.

Stiller spørsmål til justisministeren

Stortingsrepresentant Lene Vågslid (Ap) frå Telemark har høyrd at det snart er slutt på det opne soningstilbodet i Fyresdal.

– Me ynskjer at den viktige jobben som blir gjort i fangeleiren skal kunne fortsette, seier Vågslid.

Ho har nå bede justis- og beredskapsministeren gje skriftleg svar på fylgjande spørsmål:

– Kva for planar har regjeringa for Kleivgrend fengsel i Fyresdal? Dersom regjeringa framleis held på at dei ynskjer å leggje ned fangeleiren, finst det eit fastsatt tidspunkt for dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunngjevinga til Vågslid for å be justisministeren kome på banen er at ho som stortingsrepresentant frå Telemark er svært oppteken av å bevare det opne soningstilbodet i Fyresdal.

Treng slike soningsplassar

Telemark Sp sin stortingskandidat, Åslaug Sem-Jacobsen, reagerer kraftig på planen om å kutte ut det opne soningstilbodet i Fyresdal.

– Det er uhaldbart at regjeringa går inn for å leggje ned skogsleiren i Fyresdal, samtidig som det er mangel på soningsplassar her til lands, seier ho. 

 Sem-Jacobsen får støtte frå justispolitisk talskvinne i Sp, Jenny Klinge, som viser til at partiet i deira alternative statsbudsjett i denne perioden har lagt inn midlar til å oppretthalde fangeleiren i Kleivgrend. 

 – Eg tykkjer eigentleg det heile er trist. Her treng vi soningsplassar som også gjev eit innhald i soninga og høve til god rehabilitering, og så vil regjeringa leggje ned fengselsplassar som har nettopp eit slikt positivt innhald, seier stortingsrepresentanten.

 Sem-Jacobsen viser til at desse fengselsplassane er kostnadseffektive, og at det for lokalsamfunnet sin del har positive ringverknader at skogsleiren er der.

 – Dette er ein viktig arbeidsplass i ein liten kommune. Hugs at Fyresdal har 1319 innbyggjarar, medan skogsleiren har 17 tilsette, seier fyrstekandidaten.

 Klinge legg vekt på at tilbodet skogleiren gjev får gode skussmål, og understrekar at Sp heller vil ha meir av slike tilbod enn mindre.

Artikkelen held fram under annonsen.

 – Rett og slett fordi fengsel ikkje berre skal vera straff, det skal også vera rehabilitering og leggje til rette for eit lovlydig liv etter endt soning, seier Klinge.

 Klinge og Sem-Jacobsen slår fast at Sp vil arbeide hardt for at fangeleiren ikkje blir lagt ned i 2020, slik regjeringa og støttepartia har blitt samde om.

 – Eg tykkjer det er veldig positivt at Lene Vågslid frå Arbeidarpartiet er så engasjert i denne saka også, og det er derfor grunn til å tru at eit regjeringssamarbeid mellom oss i Sp og Ap frå hausten av vil kunne bety godt nytt for Kleivgrend, meiner Sem Jacobsen.

– Vi er i alle fall heilt klare på at ei nedlegging er uaktuelt, avsluttar ho.