Eit fullsett grendehus deltok på festkvelden for forfattaren som kjempa for dei veike og verjelause og som oppnådde mange sigrar med pennen som våpen, slik føredragshaldaren Einar Gotehus uttrykte det.
Eit fullsett grendehus deltok på festkvelden for forfattaren som kjempa for dei veike og verjelause og som oppnådde mange sigrar med pennen som våpen, slik føredragshaldaren Einar Gotehus uttrykte det.

Heidra bygdas store dotter

Forfattaren Aslaug Høydal ville ha fylt 100 år i år. Fredag blei ho heidra med jubileumsfest i heimbygda Langlim.

Aldri har grendehuset i Langlim nokon gong vore så stuvande fullt. Dét var dei eldre i bygda heilt sikre på. Kring 120 personar hadde møtt fram til festkvelden til minne om Aslaug Høydal. Den næraste grannen hennar i Skjåk, Mari Brenna, sa det slik:

– Eg skulle ha ynskt at Aslaug hadde sett denne store forsamlinga, for inst inne var ho stolt over det ho hadde gjort. Ho snakka så varmt om heimbygda si. Men på slutten av livet var ho klar på at ho ville leva med minna og døy i Løyndebru, huset ho hadde bygt seg i Skjåk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppvekst i Annåskòsi

Kveldens programleiar, Kjetil Sudgarden, fortalde at Aslaug var fødd 22. desember 1916 som den tredje i ein syskenflokk på åtte. I fylgje ættesoga for Seljord budde familien på Vindsvål då Aslaug blei fødd, men dei flytte til Annåskòsi der syskena hadde oppveksten sin.

– Men så skjedde det fatale, at faren Hans (1874–1931) døydde frå ungeflokken og kona Anne (1891–1976) som gjekk gravid med yngstebror Einar. Men Anne greidde lagnaden – ho var eit ufatteleg arbeidsmenneske, mintest sambygdingen.

Aslaug var den eldste jenta i syskenflokken, og fekk dermed eit stort ansvar. Ho var svært glad i husdyr, men òg i ungar, og yrkesvegen hennar blei innan skuleverket.

Aslaug Høydal var glad i å gå på ski. Her med vinnarpokalen frå den fyrste Sigurdsbulåmi, 13. mars 1967. (Biletet er teke i 2004 av Liv Eide, Fjuken)
Aslaug Høydal var glad i å gå på ski. Her med vinnarpokalen frå den fyrste Sigurdsbulåmi, 13. mars 1967. (Biletet er teke i 2004 av Liv Eide, Fjuken)
Programleiar Kjetil Sudgarden, pensjonert høgskulelærar Einar Gotehus og kvedaren Halvor Bringa.
Programleiar Kjetil Sudgarden, pensjonert høgskulelærar Einar Gotehus og kvedaren Halvor Bringa.

– Rettferdssansen hennar var svært sterk, og romanen hennar Dyr last, som kom i 1963 og handlar om sentralisering og linedeling av skulen, blei hard kost for styresmaktene, minna Sudgarden om.

Det blei teikna eit bilete av forfattaren som svært viljesterk og sta, men med eit bankande hjarte for dei som ikkje kan tala si eiga sak; dyra og taparane.

Tendensdikting og forkynning

Einar Gotehus frå Manndal, nabobygda til Langlim, skreiv hovudoppgåva si ved Universitetet i Oslo om pedagogiske og psykologiske problem i Aslaug Høydal sine skuleromanar. I føredraget sitt på minnekvelden fredag tok han føre seg romanen Sevje, som forfattaren slo gjennom med i 1959 og Dyr last som kom fire år seinare. Romanane inneheld sterk kritikk av skulesystemet, som ho meinte svikta elevane.

Den tidlegare høgskulelæraren Gotehus tok føre seg den litterære verdien av verka. Han omtalte dei som tendensdikting med element av direkte forkynning, og at dei manglar noko av den kunstnariske rikdomen som bør vera til stades i skjønnlitterære verk.

– I skuleromanane talar forfattaren gjennom éin eller fleire personar. Ho er barnas forsvarar og bøkene er meir å sjå på som debattinnlegg. Romanane får ikkje utvikle seg, noko som er ein veikskap ved diktverka målt etter litterære mål. I dei delane av verka der harmen og forkynninga ikkje er så sentral, er det større kunstnarisk rikdom, slo høgskulelæraren fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han konkluderte med at Aslaug Høydal hadde stor sympati med dei veike og verjelause, og at ho alt i alt oppnådde mange sigrar med pennen som våpen.

Kjøtsuppe, kveding og felespel

Då programmet inne i grendehuset tok til, var ikkje forsamlinga svoltne på anna enn åndeleg føde. For aller fyrste post på programmet var servering av kjøtsuppe, som var inkludert i inngangsbilletten. Ute var det sett opp fleire langbord der folk sat og hygga seg. Ein fin møteplass for folk som sjeldan ser kvarandre, og folk som sjåast litt oftare. Felles for dei alle var at dei hadde nok å prate om, så langt det blei observert.

Programmet inne var krydra av ulike innslag. Spelemannen Lars Erik Skjøtskift Øygarden frå Rauland spela mellom anna Skomakaren, ein slått han hadde etter Olav Ingjerhaugen frå Langlim. Elles sette spelemannen stor pris på å koma til eit publikum der han fekk spørsmål om å spela Fyrileiv-slåttar, altså slåttar etter Olav Sigurdson Fyrileiv. Som svar på førespurnaden spela Øygarden Kvamshallingen, som han hadde lært etter opptak av Gudmund Nordbø.

Halvor Bringa frå Manndal underheldt også musikalsk med ultralokalt stoff. Fyrst kvad han visa «På den blomkledde vollen» av Knut Ingjerhaugen, så Aslaug Høydal sin tekst om heimbygda, som er å finne på desse avissidene.

Festkvelden blei også krydra med at Reidun Øverland las eit par stubbar frå noko av det Aslaug hadde skrive, mellom anna om den modige geita Stjønne, som gjekk i rette med bikkjebeista. Geita som våga meir enn ho eigentleg torde, for å verje dei hine. Slik nok Aslaug også kjende det sjølv av og til.

Skreiv skjemtevise

Humørlaus var Aslaug Høydal slett ikkje heller. Ho hadde ein kjend emissær til onkel, nemleg Johans Bakken (1899-1996). Ein gong kom dei i diskusjon om teologiske emne, fortalde programleiar Kjetil Sudgarden.

– Emnet var om ein kunne ha med buskap i himmelen. Aslaug ville gjerne ha med geitene sine, men det meinte Johans var umogeleg – der var det reint og ein gjekk i kvite klede. Ho parerte pinseven-onkelen sin med ei skikkeleg skjemtande nidvise. I det siste verset heiter det om geita Rosa: «Ho trøystar meg i sorgi, ho er ei trufast sjel, ho lærde meg det enkle bod, å villa alle vel.»

Aslaug Høydal (1916–2007)

* Fødd og oppvaksen i Langlim.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Utdanning: Telemark folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark, tok lærareksamen ved Elverum lærarskule i 1959 og tok vidareutdanning ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim.

* Var lærar, forfattar og samfunnsdebattant.

* Markerte seg særleg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet.

* Arbeidde som lærar ulike folkehøgskular. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke skule til ho i 1971 byrja ved Nordberg skule i Skjåk. Der vart ho verande til ho nådde pensjonsalderen.

* I løpet av femti år skreiv ho meir enn femti bøker; både romanar, barnebøker, noveller, diktsamlingar, folkelivsskildringar og biografiar.

* Ho debutere i 1950 med barneboka Born og bøling. Mest kjend blei ho for romanen Dyr last (1963), som vakte ein omfattande debatt om skulesentralisering.

* Ho blei buande i Skjåk livet ut. Der hadde ho eit hus som ho kalla Løyndebru.

* I Skjåk har det vore mange markeringar i jubileumsåret. Eventyrstunder i barnehagen, føredrag om diktinga hennar, teaterframsyning og no i byrjinga av september ei stor festframsyning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimbygdi

Aldri Langelim eg gløymer

kvar eg fer på framand jord,

her ho stod mi fyrste vogge,

her eg trødde barneskor.

Her eg kleiv i berg og nutar,

gjætte geitene kvart år,

vassa bekken stri i flaumen,

plukka blomen der kvar vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Ingen stad så kvit var snøen

som i liane omkring,

ingen stad er slike bakkar

som der heim' i Langelim.

Her eg sprang så lett på skaren,

henta kvåe upp i li

eller sette utfor Klypa

Artikkelen held fram under annonsen.

på dei mjuke furuski.

 

Åri gjekk og hugen stunda

verdi rundt var herleg ny,

og så var det ut på vandring

her og der frå bygd til by.

No er alt så lenge sidan,

men til Langelim eg dreg,

når eg i dei stille stunder

ruslar heim på minneveg.

 

Aslaug Høydal

(Prenta i viseboka « – og bygdi syng», utgjeven på Tiden Norsk Forlag i 1976)

(Kjelder: lokalhistoriewiki.no og aslaughoydal.wordpress.com)