Hundre barn og unge gjorde seg klare til kamp
Fotballskulen i Fyresdal har blitt ein kjend og kjær tradisjon for både deltakarar, trenarar og arrangørar. Fredag opna dei den 11. utgåva.
Sola varma slettene på Fyresdal stadion fredag. Dei om lag 100 deltakarane på årets fotballskule sprang fornøgde rundt, og benkane rundt var fulle av foreldre som ville sjå på.
Tone Skræi og Nils Kristian Moe i hovudkomiteen i fotballskulen gleda seg stort før det heile tok til.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er det andre året mitt i komiteen, men eg har vore med i nesten alle år og hjelpt til. Dei som starta fotballskulen har vore med i ti år, men i år blei det eit skifte. Så dette er fyrste året utan dei. Det er litt spennande, seier Skræi.
Behov for ein ekstra fotballskule
For elleve år sidan starta altså idrettslaget i Fyresdal sin eigen fotballskule – sidan den i nabokommunen ikkje hadde kapasitet til å ha med alle.
– Det begynte som eit resultat av at det blei så fort fullt på fotballskulen i Vrådal, seier Skræi.
Dei kyter av alle dei unge trenarane som stiller opp.
– Me har med oss 19 trenarar i år, og dei var det ikkje problem å få tak i. Dei fleste er lokale, og så er det nokon vener av dei som er utanbygds frå, seier Moe.
– Dei er så tålmodige og flinke. Det er krevjande å få dei yngste til å vera rolege og høyre. Ungane klatrar på trenarane og det er så varmt. Og så set dei seg ned og rullar og leikar i staden for å trene. Men instruktørane vil år etter år, så dei må like det. Det er heilt utruleg, ler Skræi.
Dei fortel om det som skal bli ei innhaldsrik helg. Det skal vera trening, kampar, grillkveld, kantine-lunsjar og utlodding av fine premiar.
Deltakarane er skuleelevar frå 1. til 10. klasse. Dei blir delte inn i åtte grupper som går saman og trenar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tine fotballskule har 20-årsjubileum i år, og sidan Fyresdal fotballskule er ein del av den, har deltakarane fått ekstra fine trøyer i år. I ekte gullfarge!
– Dette er alltid så koseleg. Alle er glade og fornøgde, og sidan det er sommarferie rett etterpå så er energinivået på topp. Det er moro å vera ein del av dette, seier Skræi.
Åtte på fotballskulen
Inger Tomine Madsen Johre (7) og Nora Austjore Heistad (8) frå Fyresdal
– Det blir moroast å spela kampar.
Touka Mohammed (10) og Rafif Ahmed Hussein (8) frå Syria/Fyresdal
– Me kjem nok kanskje til å vinne alt saman.
Sindre Greivstad (16), Mikkel Nome (15), Sondre Taraldlien Hopland (15) og Asbjørn Libjå (16) frå Fyresdal
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er fast bestemte på å vinne.
Asbjørn og Sindre fortel at dei har vore med i alle ti åra båe to.