Erik Osmancevic var sentral då Seljord avslutta sesongen med nok ein siger. (Arkiv
Erik Osmancevic var sentral då Seljord avslutta sesongen med nok ein siger. (Arkiv

Vann fire av dei fem siste kampane

Seljord tok like mange sigrar i dei fem siste kampane som i dei 17 fyrste, og blei til slutt nummer seks i 6. divisjon.

I tre av dei fem siste kampane har dessutan laget halde nullen, sjølv om det var nære på poengtap i sluttminuttane i sesongavslutninga heime mot Skarphedin 2 tysdag. Gjestene fekk straffe, men Remi Nerbø redda og sikra med det 1-0-sigeren og tre poeng.

– Sesongens desidert beste kamp. Me møtte eit velspelande og godt Skarphedin-lag som også hadde med fleire A-lagsspelarar, oppsummerer trenar Øyvind Thorstensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav Listaul fekk æra av å skåre sesongens siste mål då han avgjorde kampen mot bøheringane med eit skot frå langt hald.

Rosar alle

Skarphedin 2 hadde ballen mykje, men klarte ikkje å bryte ned Seljord-forsvaret der kaptein Erik Osmancevic var sentral og greip inn i avgjerande situasjonar gong på gong. Framover var Torbjørn Sigstad og Jan Inge Rygh farleg frampå, men det blei med skåringa til Listaul.

Trenaren karakteriserer det som ein lagsiger med ein solid keeper Nerbø, eit pottetett forsvar, ein solid midtbane og sjanseskapande spissar.

– Alle skal ha stor honnør, seier trenaren.

Med fire sigrar på dei fem siste kampane avslutta Seljord som nummer seks av dei tolv laga i 6. divisjon. Laget vann åtte kampar, spela fire uavgjort og tapa ti, og fekk med det 28 poeng. Kjapp var best i 6. divisjon med 59 poeng på 22 kampar.

– Det ordna seg på slutten av sesongen. Før ferien tok me berre åtte poeng, men me trena godt i sommarpausen – det drog me nytte av utover hausten, seier trenaren.

Usikker på framtida

Han er glad for at Torbjørn Sigstad har gjort comeback denne sesongen. Sjølv om veteranen har vore ein del skada, har han bidrege stort. Thorstensen meiner det er eit spennande Seljord-lag på gang, og viser mellom anna til at storskårar Jan Inge Rygh har fått seg jobb i Seljord. Trenaren håpar også på at tannlege og kaptein Erik Osmancevic held fram i bygda.

– Eg tok denne jobben fordi det er på tide at Seljord får eit fotballag att, seier Thorstensen, som håpar årets sesong kan vera starten på eit nytt eventyr. Då veit han at interessa for laget må opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er vand med frå Ulefoss at det kjem fleire hundre tilskodarar på kamp. Det må me få til i Seljord også, seier Thorstensen.

– Er det med deg som trenar neste år?

– Eg har ikkje høyrt noko frå klubben, svarar han, men legg til at han ynskjer å jobbe med fotball også i 2017.