Ian Parry-Jones
Ian Parry-Jones

– Ikkje stor skilnad på budsjettforslag

Ian Parry-Jones i Nissedal Sp meiner Ap legg opp til å redusere med seks kommunale årsverk i komande fireårsperiode, akkurat som partiet hans.

Nissedal Sp vil spare 5,5 millionar kroner i kommunen i 2018 ved å redusere seks årsverk på leiar- og mellomleiarnivå over ein treårsperiode.

– Me ynskjer at eit eksternt firma skal gå gjennom organisasjonen i Nissedal kommune, og meiner ein reduksjon av leiarstillingar kan skje ved naturleg avgang og omorganisering. Kutt av seks leiarårsverk kan råke fleire enn seks personar, men det vil gjennomgangen vise, seier Ian Parry-Jones, medlem i budsjettgruppa til Nissedal Sp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvar skal de fjerne leiarstillingane?

– Det må konsulentfirmaet sjå på. Me veit kvar pengane blir brukt, men ikkje kvar det kan vere ein effektiv gevinst, svarar Parry-Jones.

– Korleis ha de kome fram til seks årsverk?

– Me har eit inntrykk av at det har blitt mange leiarstillingar, noko som er naturleg når kommunen har blitt pålagt nye oppgåver. Det me ynskjer å sjå på er om leiarstrukturen er riktig tilpassa desse oppgåvene, svarar Parry-Jones.

Han meiner det ikkje er stor skilnad på forslaget til Sp og Ap, når ein ser på årsverk som skal bort.

– Ap fjernar fire årsverk ved å leggje ned Fjone skule og flytte mellomtrinnet på Kyrkjebygda oppvekstsenter til Treungen. I 2017–2018 trur eg Ap kjem til å seie at skulen i Nissedal er for liten og vil leggje han ned. Då har Ap kutta seks årsverk, det same talet som me ynskjer. I motsetnad til Ap, snakkar ikkje Sp om oppseiingar, seier Parry-Jones.

Han meiner at når kommunen brukar meir pengar enn han tener, må ein gjere noko.

– Me kjem ikkje med kritikk til oppgåvene kommunen utfører, men meiner ein i samanheng med nye oppgåver og vekst må sjå på fordelinga av jobbane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet til Sp er eit budsjett i balanse framover. Om ein ikkje klarer det, aukar eigedomsskatten på sikt. Det ynskjer ikkje Sp å bidra til. Eg håpar og trur me får fleirtal for framlegget vårt i kommunestyret, seier Parry-Jones.