Treungen IL får likevel pengar frå eigedomsskattepotten i år til å oppgradere den populære turvegen til Skuggenatten. Arkivbildet er frå då nissedølane Reidar (t.v.), Ingvild og Silje Tveit, og Håvard Tveit med Rannveig og Mona (bak på ryggen) tok turen til fjelltoppen.
Treungen IL får likevel pengar frå eigedomsskattepotten i år til å oppgradere den populære turvegen til Skuggenatten. Arkivbildet er frå då nissedølane Reidar (t.v.), Ingvild og Silje Tveit, og Håvard Tveit med Rannveig og Mona (bak på ryggen) tok turen til fjelltoppen.

To millionar skattekroner til tiltak

Ulike løypelag og andre i Nissedal har til nå fått to millionar eigedomsskattekroner av kommunen til tiltak som eit breitt publikum har glede av.

Nissedal er aleine i Vest-Telemark om å ha eigedomsskatt på hus, hytter og næringsbygg, ei innkrevjing som blei sett i gang i 2015. Alt frå fyrste skattekronene trilla inn i kommunekassa, sa lokalpolitikarane at ein skulle gje ein halv million kroner kvart år tilbake til ulike fellestiltak. Midlane skal styrke tilbod knytt til reiseliv, friluftsliv og folkehelse. Løyvingane skal treffe eit breitt publikum, folkehelse blir prioritert og pengane skal primært gå til utviklingstiltak.

Nyleg fordelte formannskapet fleire hundre tusen kroner av årets skattepott. Ein tanke er kvart år å gje ei monaleg løyving til eitt av dei store løypelaga i kommunen. Forslaget til rådmannen denne gongen var 200 000 kroner til Gautefall løypelag igjen. Frå den kanten blei det søkt kommunen om 300 000 kroner til å utbetre løypa rundt Øverlandsheia og ny bru over bekken ved Bjønntjønn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje bare fokus på ski

Geir Christian Enger (KrF) kunne tenkje seg å redusere summen til Gautefall løypelag med 25 000 kroner for heller å gje desse pengane til Treungen IL. Laget hadde søkt om 59 000 kroner til å utbetre løypetrasé, og rydde og oppgradere den populære turvegen til Skuggenatten. Rådmannen innstilte på null kroner.

– Skuggenatten er eit tiltak som fortener midlar, sa Ian Parry-Jones (Sp), og ville doble summen Enger føreslo.

Runa Vee Tveit (Ap) blei glad for å høyre endringsframlegga.

– Me kan ikkje bare ha fokus på ski. Det er liksom bare løypelaga som kan få pengar, og då lurar me andre til å søkje. Eit spel for galleriet, sa Tveit.

Partifelle og ordførar Halvor Homme sa det blei eit veldig stort problem for han å redusere på summen til Gautefall løypelag.

– På Gautefall blir det sagt at Nissedal kommune gjev ikkje pengar til dei, men det gjer Drangedal, sa ordføraren.

– Eg forstår at det er du som må stå i krigen …, repliserte Parry-Jones om det skulle bli reduksjon på tilrådd beløp til Gautefall løypelag.

– Men ein treng ikkje leggje opp til krig, kontra ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mest til Felle

I tilrådinga frå rådmannen låg det også inne å gje 20 000 kroner både til Felle løypelag, Vedlausfjell og Slokedalsfjell løypelag og Løypelaget Fjone høgfjell. Formannskapet blei samde om å redusere med 5000 kroner på kvar av dei, slik at Treungen IL får totalt 15 000 kroner av årets pott for å utbetre turstien til Skuggenatten.

Elles blei det nemnt at frå skattepotten dei tre fyrste åra har Felle fått klart mest pengar, totalt 315 000 kroner fordelt på to løypelag.

– Viss Kyrkjebygdheia deler seg i to løypelag, vil dei då få dobbelt så mykje pengar …, skaut Parry-Jones inn mot slutten av debatten.

Elles kom det signal frå politikarane om at dei som får tilskot må gje tilbakemelding om kva ein har bruka pengane til.

Fordeling av skattekroner i år

Vedtak i formannskapet:

* Gautefall løypelag 200 000 kroner.

* Felle løypelag 15 000 kroner.

* Vedlausfjell og Slokedalsfjell løypelag 15 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Løypelaget Fjone høgfjell 15 000 kroner.

* Treungen IL 15 000 kroner.

* Turistinformasjon i nærbutikkar: Felle daglegvare 20 000 kroner, Nissedal landhandel 20 000 kroner og Nisser hyttegrend og camping 10 000 kroner.

Tidlegare har kommunestyret gjeve ut delar av årets pott:

* Laurdagsope bibliotek, om lag 20 gonger, 73 000 kroner.

* Laurdagsope basseng ved fleirbrukshuset, om lag 20 gonger, 92 000 kroner.

* Tilsyn og renovasjonsordning Jettegrytene 25 000 kroner.

Tidlegare løyvingar

I perioden 2015–2017 har 1,5 millionar kroner frå eigedomsskatten blitt fordelt slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Laurdagsope bibliotek 102 000 kroner.

* Laurdagsope basseng 118 000 kroner.

* Tilsyn og renovasjon Jettegrytene 75 000 kroner.

* Turistinfo i nærbutikkar 170 000 kroner.

* Felle løypelag totalt 170 000 kroner.

* Vedlausfjell og Slokedalsfjell løypelag totalt 145 000 kroner.

* Løypelaget Fjone høgfjell totalt 134 000 kroner.

* Gautefall løypelag 200 000 kroner (i 2015).

Artikkelen held fram under annonsen.

* Kyrkjebygdheia løypelag 206 500 kroner (i 2016).

* Nissedal sykkelsti 60 000 kroner.

* Framnes vellag 35 000 kroner.

* Moglegstudie bru til Sommarsletta 25 000 kroner.

* Søftestad Gruber 55 000 kroner.