– Ferja er eit kjærkome tilbod for oss
Trass mørke ruter i butikken og nedlagt skule frå hausten, har innbyggjarane på Fjone tru på bygda si.– Det er tilflytting, barnetalet aukar og fleire unge flyttar heim for å etablere seg i bygda, seier Sondre Heimdal som sjølv har kome heimatt til Fjone.– Heilårsdrift av ferja gjev oss fleire moglegheiter – både innan jobb, handel og val av skule for barna våre, meiner Aasne Moe.
– Med ei heilårsdriven ferje står me friare med tanke på jobb, butikk, barnehage og val av skule for barna våre. I opplæringslova står det at det er fritt skuleval, og Fjone soknar til Nissedal skulekrins, uttala innbyggjarane på Fjone då dei kom saman på kafé førre laurdag.
Meir attraktivt
Sondre Heimdal er ein av dei unge, heimflytte innbyggjarane på Fjone. Han meiner at bygda vil stå endå friare til å kunne velje, og bli ein meir attraktiv stad å busetje seg på, om dei får ei heilårsdriven ferje over sundet til Nissedal på fast basis.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er veldig glade for at me fekk to år med heilårsdrift av ferja i fyrste omgang. Me må vere flinke til å setje pris på og bruke tilbodet, sa Heimdal til dei frammøtte og oppmoda fleire til å fortelje kvifor dei er glade for ferjetilbodet denne vinteren.
– Sjøfartstilsynet har godkjent ferja – så ho er sikker å bruke – ja kanskje sikrare enn vegen vår der det stadig går snø og isras, uttala ein av dei frammøtte.
Ei bygd i vekst
Inne på ungdomshuset går praten lett, det er ei god blanding av unge og eldre.
– Fjone er ei bygd i medvind, det er tilflytting, og barnetalet aukar. Unge kjem tilbake for å etablere seg i bygda. Det blir bygd hus og det er også ein god vekst i hytteutbygginga, seier Heimdal.
Han fortel at innbyggjarane sparar 8 mil reiseveg rundt til Nissedal kvar einaste dag nå som det er tilbod om vinterdrift på ferja.
Bygdefolket er samde om at det er ein god ressurs for bygda, og eit godt argument for etablering av fleire arbeidsplassar og til å lokke fleire innbyggjarar til bygda med.
– Argumenta for heilårsdrift av ferja er mange, seier Heimdal.
Rundt kafébordet er det fleire som trekkjer fram at det er både er tidsbesparande og miljøvenleg løysing.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire seier også at ferja gjev innbyggjarane på Fjone fleire moglegheiter med tanke på jobb, sidan det nå er enklare å pendle vestover mot til dømes Vrådal, Kviteseid eller Seljord.
– Det er også mogleg for oss å bare ta turen rett over sundet for å handle på butikken i Nissedal. Det er positivt, seier ein av dei frammøtte.
Fleirtal for Fjone-elevar til Tveit
Førre torsdag handsama formannskapet i Nissedal saka om nedlegging av Fjone skule, slik VTB skreiv tysdag. I innstillinga til rådmannen var det framlegg om å leggje ned Fjone skule og å overføre elevane til Tveit skule i Treungen. Opposisjonen hadde framlegg om å overføre elevane på Fjone til Kyrkjebygda skule. Ian Parry-Jones (Sp) uttala til VTB at han meiner det hadde vore den beste løysinga.
– Hovudårsaka er at me vil sikre eit reelt skuleval for foreldra, og at me ynskjer at Fjoneferja blir brukt til skuleskyss. Då vil fylkeskommunen måtte dekke ein tredjedel av kostnadene ved transporten, og dette vil vere gunstig for kommunen, uttala Parry-Jones.
Ordførar Halvor Homme (Ap) var glad for at posisjonen vann fram og vedtaket vart som i rådmannens innstilling – Fjone-elevane skal til Treungen. Ei betring blir det også, sidan elevane vil få ein litt stuttare skuleveg, sidan skuleruta ikkje skal innom Heimdal i framtida, noko som betyr 15 minutt kortare reiseveg til og frå Fjone.
– Fjoneferga er eit prøveprosjekt som er høgst usikkert. Det er utfordringar knytt til å halde ein stabil transport gjennom heile vinteren då vatnet ofte kan fryse att, uttala Homme.
No skal saka ut på høyring, før ho blir endeleg handsama av kommunestyret 14. april.
– Kva med barnehage, ordførar?
Det er god vekst i barnetalet på Fjone. Inne på ungdomshuset er aktiviteten i lego og leikeområdet stort, og fleire nye innbyggjarar er venta i løpet av året.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Innan året er omme er det truleg ti barn under skulealder på Fjone. Ordførar i Nissedal kommune, Halvor Homme, uttala tidlegare at om me skulle få barnehage på Fjone måtte skulen ryke. Nå forsvinn skulen frå neste haust. Nå får me sjå om ordføraren står for det han sa, og at me får eit tilbod om barnehage i skulelokala frå hausten av. Det er i alle fall eigna lokale, seier Sondre Heimdal og får støtte av fleire andre småbarnsforeldre som er samla på ungdomshuset.
Søkjer på nytt
Dei har forfatta ein søknad til kommunen der dei bed om at det skal bli tilbod om barnehage i bygda att.
– Lokala på skulen passar godt til å starte barnehage i, meiner Heimdal.
I mars i fjor hadde VTB ein artikkel om liknande tema då ei gruppe småbarnsforeldre søkte Nissedal kommune om å etablere ein friluftsbarnehage på Fjone.
I mars i fjor svara ordførar Halvor Homme dette: «– Det er ingen ting eg er meir oppteken av enn å sikre gode barnehagetilbod i heile kommunen. Utgangspunktet mitt er å sjå ei løysing der ein kanskje legg ned mellomtrinnet på skulen på Fjone og opprette barnehage i staden. Den diskusjonen må me ta. Me brukar alt for mykje pengar på dyr skulestruktur», sa ordføraren.
– Forunderleg
Når VTB kontaktar ordførar Homme denne veka svarar han at ein ikkje automatisk kan starte barnehage på Fjone på grunn av at skulen blir lagt ned, og at ein nå må ta ein ting om gongen.
– Tidlegare har signala frå småbarnsforeldre på Fjone vore at dei ikkje set ein barnehage øvst, seier han.
– Det er litt forunderleg at barnehage har blitt så viktig nå, meiner ordføraren, men legg til at han forstår at ynskje om barnehage kjem frå nokre av foreldra på Fjone og vil ikkje konkludere med at ein barnehage i bygda absolutt ikkje er aktuelt i framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han minner om at barnehage på Fjone blei diskutert i budsjetthandsamingane i desember, men at eit samrøystes kommunestyre ikkje valte å prioriterte dette då både grunnlaget og økonomien i kommunen ikkje tillét det.
Homme legg også til at sjølv om det er så og så mange barn i ei grend, betyr det ikkje automatisk at alle ynskjer å nytte ein barnehage i grenda dei bur.
– Mange jobbar til dømes i Treungen og ynskjer å ta med barna til barnehagen der. Og eg må forhalde meg til det barnetalet og den økonomien som rådmannen presenterer for meg, seier Homme.
Men han hugsar også kva som skjedde på Felle då skulen blei lagt ned for sju år sidan.
– Barnetalet var lågt, men me opna barnehage og det vart ein suksess, seier Homme.
– Me stortrivst her
– Å flytte frå Skien til vesle Fjone var ein stor overgang, men det kjennest heilt rett. Fjone er ein fantastisk fin og sosial stad å bu, fortel Aasne Moe.
Då sambuar Sondre Heimdal ynskte å flytte heimatt til Fjone, var Moe raskt overtydd om at det ville vere det rette for familien.
Med arbeid som veterinær spesialisert inn mot tannbehandling på hest, har Moe utdanning både frå Ungarn, Sverige og USA, og i periodar er det mykje reising i jobben. Men ho er likevel overtydd om at Fjone er den perfekte staden å bu.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sondre flytta frå Fjone for seks år sidan då tida var inne for vidaregåande skule og lærlingplass i byen. Dagane då blei kombinert med lærlingjobb, stallarbeid og som travkusk, trenar og eigar av Odorox Sand. Og det var nok slik dei to møttest.
– Kor stor var sjansen for å finne ein gut som er interessert i hest, liksom. Eg er kjempeheldig, smiler sambuaren nøgd.
– Me var heldige som fekk kjøpe ein gard her på Fjone som me har pussa opp og bygd hus på. Eg såg fram til at Dyre kunne starte på skulen rett over jordet her oppe. Det er trist at bygda nå er utan både butikk og skule frå hausten av, men me håpar at det kan bli liv i butikken att, og at me kan få eit barnehagetilbod i bygda, seier ho.
Hovudhuset er bygd opp kring den gamle tømra som stod på garden, og i låven har hestane fått nye flotte boksar. Når VTB er innom skin sola og dei fire hestane kosar seg ute.
Familien på tre fortel at ein av travarane på garden nå er pensjonert, men dei håpar at dei vil kunne trene fram nye stjerner frå garden.
– Eit fantastisk tilbod
VTB nytta seg av ferjetilbodet over Nisser, og ferjeførar Gerard de Ruiter fortel at han har mange faste kundar som nyttar ferja kvar dag gjennom heile veka. Fjoneferja har i desse vintermånadane to avgangar på laurdag og sundag, men fleire alternativ på vekedagane frå morgon til kveld.
Nathalie Bruikman fortel at ho og mannen er to av dei faste brukarane av ferja.
– Eg jobbar i Nissedal og mannen min i Vrådal, og me brukar ferja kvar dag til og frå arbeid. Og skulle det vere eit møte eller anna så har Gerard køyrd ein ekstra tur om me har kontakta han. Det set me utruleg stor pris på, seier Bruikman.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho meiner det finst utruleg mange positive sider ved å ha eit heilårsvegtilbod over Nisser.
– Å kunne sitje heime i sofaen på Fjone ti minutt etter at du reiste frå eit møte i Nissedal er eit fantastisk tilbod kontra tida og energien det tar å køyre rundt, seier Bruikman som håpar at heilårsferjetilbodet har kome for å bli.
Fleire av innbyggjarane på Fjone fortel at ferjetilbodet dei komande månadane også gjer sitt til at dei nyttar seg av handel i retning Kviteseid og Seljord på denne tida av året, kontra å reise til Arendal om ferja ikkje går. Høve til ein kortare pendleveg til vidaregåande skule er også eit argument.
– Me vonar at ferja blir oppgradert til vinterdrift, og at me får dette tilbodet fast i framtida. Om dette blei ein varig vinterveg trur me at det blir meir naturleg for folk på Fjone å søkje arbeid i Vest-Telemark også.
– Kommunestyret må tenke på samfunnsoppdraget sitt, og leggje til rette for oss som bur på Fjone også, meiner innbyggjarane.
Laurdagskafé
Tidlegare var butikken på Fjone den faste møtestaden der bygdefolket kom saman. Ved årsskiftet 2016/2017 stengte drivarane av butikken dørene, og bygdefolket har etter det sakna ein møtestad.
– Difor tok ungdomslaget nå initiativet til laurdagskafé som dei kanskje vil ha ein gong i månaden. Det er kjempetriveleg at så mange møter fram. Det viser at me har eit godt samhald i bygda, seier Sondre Heimdal.
Førre helg var fyrste treff på ungdomshuset. Om lag 120 innbyggjarar bur på Fjone og halve bygda møtte fram til kaffi, kaker, leik for dei yngste og røur for dei litt eldre – det var tydeleg at behovet og gleda var stor over det positive initiativet frå ungdomslaget.