– Eva Bull Holte må skrivast inn i kunsthistoria
– Me må få Eva på kartet, Eva Bull Holte er ein spennande kunstnar som få kjenner til, sa Knut Ljøgodt laurdag under opninga av Sneie i Åmotsdal.
Ljøgodt og Nordic Institute of Art skal dei kommande åra arbeide for at Holte og andre kunstnarar skal plasserast i den samanhengen dei høyrer heime. Han er ikkje i tvil om at kunsthistorikarar må tenke nytt om fleire norske kunstnarar.
– Modernisme blei på mange måtar ei macho-greie – og det er ikkje rett, sa Ljøgodt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire norsk kvinnelege kunstnarar var sentrale i den modernistiske utviklinga, men blei ikkje tatt på alvor.
Han kunne opplyse dei mange frammøtte at til sommaren skjer det noko for å fremme kunstnarar, som ikkje har fått den merksemda eller plassen dei fortjener.
– Då blir det både utstilling og seminar i Oslo, sa han.
– Turister vil ha opplevingar, sa ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap), då han gratulerte Eva Bull Holtes Museum med 20-årsjubileet.
– Og opplevingar får de her på Sneie, la han til.
Spesielt museum
Grethe Hald, som presenterte årets gjesteutstillar Hanne Borchgrevink, understreka kunstnarens evne til å arbeide med flater og fargar på ein variert måte.
– Dette er eit meget spesielt museum, understreka Grethe Hall og la til at Borchgrevink er kjent for sine hus i bildekunsten – både i måleri og grafikk.
Nå opnar Borchgrevink seg meir også mot landskap, som var Eva Bull Holtes verd.
Artikkelen held fram under annonsen.
redaksjon@vtb.no