I Grungedal i Vinje kjem ikkje bygdefolket på internett. Vinje kommune har søkt staten om pengar, og håpar internett vil vera på plass innan eitt år etter det vert løyvd pengar.
I Grungedal i Vinje kjem ikkje bygdefolket på internett. Vinje kommune har søkt staten om pengar, og håpar internett vil vera på plass innan eitt år etter det vert løyvd pengar.

Må til Edland for å betala rekningar

I Grungedal har dei ikkje internett, til bygdas store fortviling. – Det er på veg, men det tek lit tid, seier kommunen.

Halvor Gramstad, som bur i Grungedal, fortvilar over dårleg internettdekning i bygda.

Nokre heldige innbyggjarar har ustabilt internett i gamle telefonlinjer, men det er ikkje mog- leg å få for nye tilflyttarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er frustrerande for borna som treng internett for å gjera lekser. Dei får tilbod om å bli verande på skulen for å bruka nettet der, men då rekk dei ikkje bussen, seier han.

Gramstad jobbar med å tømma septiktankar, og er difor mykje rundt i bygda og i hyttefelta.

– I hyttefelta er det både 3G og 4G, som er veldig raskt mobilt internett, men når ein kjem ned i bygda er det knapt me har telefondekning i det heile, seier han.

Gramstad meiner det ikkje bør vera så vanskeleg å byggja ut, om ein spleisar med Telenor, når det alt er bygd ut i hyttefelta.

– Det seier kanskje litt om satsinga, når hyttefelta har lynraskt og me som bur her ikkje kan betala rekningar, seier han.

Legg opp til nettbruk

– Posten vil ha digital postkasse, og det kostar snart 150 kroner å betala rekning i banken. Alt vert lagt til rette på nettet, men det er ikkje enkelt når me ikkje kjem oss på, fortvilar Gramstad.

Han har sjølv kontakta kommunen fleire gongar, med svar om at det vil skje noko til sommaren.

– Kor lenge varar sommaren, lurar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen opplyser at arbeidet er i gong, men at det tek tid.

– No trur eg me har kome til Smørklepp eller Grunge bru, seier rådmann i Vinje, Hans Kristian Lehmann.

Han fortel at det er løyvd pengar til det, og at arbeidet er i gong. Børge Skårdal har arbeidd med søknad frå kommunen til staten om løyvingar til slik utbygging.

Ikkje marknad

– Ingen leverandørar vil gjera dette på eige initiativ, for det er ikkje marknad for det i så grisgrendte strøk. Difor løyver staten midlar, og me sendte søknad i vår. Det er bygd ut i hyttefelta, for kronene renn inn når folk sit på hytta i helgene og surfar, fortel Skårdal.

Han opplyser at søknaden om midlar vart sendt i vår, og at prosjektskildring er på plass, så dei er klare til å byrja arbeidet når pengane vert løyvd. Søknaden går formelt frå Vinje kommune til staten, men fylkeskommunen er mellom dei som ein slags sakshandsamar som prioriterer søknadane frå fylket.

– Det tek tid å byggja ut. Om me får midlar i haust, tenkjer eg det kan ta om lag eitt år. Fyrst skal det ut på anbod, og så skal sjølve arbeidet med å leggja kablar og slikt gjerast, opplyser Skårdal.

Det er frustrerande for borna som treng internett for å gjera lekser.

Halvor Gramstad