Kulturskulen spela jola inn
Torsdag kveld var det duka for ei stor joleframsyning på Vinjehuset med 110 kulturskuleelevar i aksjon på scena. Samspelsnumra stod i kø og jolemusikken stod på repertoaret. Dei siste vekene har Vinje kulturskule jobba intenst fram mot denne kvelden som skulle bli den største jolekonserten dei hadde arrangera nokosinne. Både norske og engelske jolesongar blei framført i tradisjonelle og nye former, og dei nærare 200 oppmøtte fekk høyre blant anna «På låven sitter nissen», «Bjelleklang», «Let it snow» og «Musevisa».
Teaterelevane framførte «Askeladden som kappåt med trollet» som dei hadde première på sist veke, til stor glede for publikum. Og til slutt kom også nissen fram med godteri til alle elevane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blue Christmas:Dei hovudlause gutane i The headless children framførte «Blue Christmas» av Elvis.
Santa Clause:Gruppa Iron Vinje spela Alice Cooper sin version av «Santa Clause is coming to town». F.v. Are S. Mathisen, Tore A. Fossland, Sveinung Seltveit, Tarjei Kåsene og på trommer Tor Olav Huso.
Feleelevar:To unge og ferske feleelevar (Anne B. Tveiti og Talleiv Haugarne) spela «Me kan spela fiolin før jol» saman med lærar Terje Chr. Hansen.
Til avslutning:Kvelden blei avslutta med alle elevane på scena som song Musevisa.