Vesle Maria Kvalbein (14 månader) var strålande fornøgd med Max Havelaar produkta ho fann på Meny på Telesenteret.
Vesle Maria Kvalbein (14 månader) var strålande fornøgd med Max Havelaar produkta ho fann på Meny på Telesenteret.

Prioriterar rettferd og miljø

Meny kom suverent best ut då daglegvarebutikkane i Seljord blei testa på økologiske og rettferdige varer.

– Det er bare å gratulere Meny i Seljord. Det er ein av dei beste butikkane i landet på økologiske og rettferdige varer, seier Lars Ove Kvalbein, prosjektleiar for «Grønne menigheter».

Han var ein av fire inspektørar som tok ein runde i dei tri daglegvarebutikkane i Seljord torsdag. Inspektørane sjekka både kor mykje økologiske produkt butikken hadde, og om butikken prioriterte såkalla rettferdig handel. Det vil seie om dei fører varer med garanti for god handel mellom nord og sør. Desse varene er merka med Max Havelaar. Resultata var varierande, men Meny var i særklasse. Butikken skåra heile 87 poeng i undersøkinga. Best i landet er ein butikk i Bergen som har oppnådd kring 90 poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bevisst

– Ein kunne tru at når det er lite befolkningsgrunnlag, ville det vere dårleg utval av desse varene. Men her er det fullt på høgde med byane, seier Kvalbein.

– Butikksjefen virka som ein pådrivar for økologiske varer. Han har gjort mykje ekstra utover det han har instruks på frå sentralt hald og har god kunnskap om varene, seier inspektør Dag Abrahamsen.

Butikkeigarane som får kyt er Kai Teigen og Geir Tore Flatland. Dei er bevisste på kva produkt dei sel.

– Me prøvar å oppdrive det kundane vil ha. Det er større og størrre etterspurnad etter alternative varer, og desse sel bra, seier Kai Teigen.

Einaste minuset får butikken for dårleg merking av varene.

– Dei bør kyte meir av seg sjølv. Vise at her er det økologiske varer, meiner Dag Abrahamsen.

Kai Teigen håpar det snart vil vere på plass fargekodar som viser at hylla har alternative varer som for eksempel økologiske varer.

Han visste butikken kom til å skåre høgare enn dei andre i Seljord, men er likevel noko overraska.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde ikkje trudd me låg så høgt samanlikna med resten av landet. Men det er koseleg, seier Teigen.

Forbetringspotensiale

Rimi Og Ica Sparmat kom ikkje godt frå undersøkinga. Rimi fekk åtte og ICA ni poeng. Utrekninga gjekk etter kor mange varer butikken hadde, merking av varene og kunnskapen til betjeninga, for å nemne noko.

– Det er eit stort forbetringspotensiale både hos Rimi og ICA. Men dette er heilt typiske tal. Kjedane styrer mykje, og desse to er meir styrt enn for eksempel Meny, forklarar Kvalbein.

Hos Rimi i Seljord fann inspektørane Max Havelaar kaffe, økologisk mjølk og økologiske riskaker. Men ikkje så mykje meir.

– Her er det prisen som er det viktige. Men me er ikkje ute etter å ta dei enkelte butikkane. Det er forståeleg at butikken ikkje har så mange produkt, når dei sel lite av desse varene, seier Dag Abrahamsen.

Han understrekar at det er viktig at kundane spør etter slike varer. Då vil butikkane ta inn fleire økologiske produkt.

Alle inspektørane er med i den tverrkyrkjelege rørsla Korsvei, som har festival i Seljord denne veka. Lars Ove Kvalbein fortel at «Grønne menigheter» har testa 83 butikkar til no. Hovudtyngda av desse er i Bergen.

– Bakgrunnen er at kyrkja har bruka sterke formuleringar om forbruk, rettferd og miljøsaker. Me vil setje orda ut i praksis og vise at kyrkja meiner alvor. Det er framleis ein lang veg å gå. Men med litt is i magen, trur eg me skal klare å skape ei haldningsendring som gjer at bøndene i utviklingsland får det dei fortener, forklarar Kvalbein.