Mieke van Tunen gjekk vidare med to av dei flotte fotografia sine.
Mieke van Tunen gjekk vidare med to av dei flotte fotografia sine.

Åleine på UKM-scenen

Pooploop Minisplash var ikkje spesielt i tvil om dei kom til å gå vidare til fylkesfinalen før UKM i Nissedal onsdag. Dei var nemleg einaste sceneinnslaget.

Det er veldig stille i fleirbrukshuset i Nissedal denne onsdagskvelden. Det er ti minuttar til Ungdomens kulturmønstring skal starte, men det er påfallande få ungdomar å sjå. Dess lenger ein kjem inn i gangane i huset, dess vanskelegare blir det å skjøne kvar mønstringa skal halde til. Har me blingsa på datoen?

Neidå, forsikrar ein gjeng ungdommar som til slutt dukkar opp. Ida Reinholt, Ole Nordli, Patrick Nordby og Jon Espelid i bandet Pooploop Minisplash skal spele, dei. Men det er det ikkje fleire som skal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt kjipt, seier Ida. – Men me har i alle fall gode forhåpningar om å koma vidare, gliser Jon.

Bandet har spela saman i nokre månader. Dei spelar instumentalrock og lagar musikken sjølve.

– Me er ikkje så veldig nervøse, seier Patrick, for høvet kledd i sceneantrekket som er ei stor ulvelue.

Pooploop Minisplash stilte meir enn gjerne til bandfotografering før UKM i Nissedal. Sidan dei var einaste sceneinnslag fekk dei pressa for seg sjølve. Øverst f.v. Ida Reinholt og Patrick Nordby. Nede f.v. Jon Espelid og Ole Nordli.
Pooploop Minisplash stilte meir enn gjerne til bandfotografering før UKM i Nissedal. Sidan dei var einaste sceneinnslag fekk dei pressa for seg sjølve. Øverst f.v. Ida Reinholt og Patrick Nordby. Nede f.v. Jon Espelid og Ole Nordli.

Dyktige fotografar

Kulturskulerektor Rune Sanden seier det er synd at det berre er eitt sceneinnslag på UKM i Nissedal i år – men at det er svært høgt nivå på bandet som stiller. Det same gjeld fotografia som var meldt på tevlinga. Framover håpar Sanden, som er fersk som kulturskulerektor, å få fleire til å melde seg på kulturmønstringa.

– Mange av elevane me har i kulturskulen er veldig unge, under aldersgrensa som er 13 år for å gå vidare. Så me håpar at fleire tek steget inn på UKM-scenen etter kvart, seier Sanden.

Einsame ulvar:Pooploop Minisplash stilte meir enn gjerne til bandfotografering før UKM i Nissedal. Sidan dei var einaste sceneinnslag fekk dei pressa for seg sjølve. Øverst f.v. Ida Reinholt og Patrick Nordby. Nede f.v. Jon Espelid og Ole Nordli.