Beint fram imponerande
Årets UKM, Ung Kultur Møte, i Fyresdal blei eit møte med mange talent. Musikalske og kunstnariske bidrag av høg klasse gjorde at det fulltalige publikumet fekk ei særs god oppleving.
– Fy søren, no slår hjarta fort. Det er nesten så ein må lure på om nokon høyrer det, kviskra tre unge jenter bak bladfyken i minuttane før årets kulturmønstring for ungdom tok til i Fyresdal.
Det var dei tre programleiarane Milla Nome (14), Mirja Veum (14) og Mathilde Slyngstad (13) som var sånn passe nervøse før dei skulle på scenen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Valfag
Nytt av skuleåret er at Gimle skule har eit valfag som heiter Sal og Scene, og sist haust tok elevane i valfaget ansvaret for å arrangere årets kulturhappening i Fyresdal.
– Me er fjorten elevar som har valfaget, og me starta med å fordele oppgåvene i oktober, fortel dei.
Trioen hadde sjølv teke ansvaret for å vere programleiarar for mønstringa fredag.
– Det er det som er kjekt, me kan bestemme sjølve kva me vil gjere, skjemtar dei.
Imponert lærar
Merethe Jørgensdottir Reinskås er lærar på Gimle skule i Fyresdal. Ho har elevane i valfaget Sal og Scene, og ho er imponert over dei.
– Me starta med ei skoutstilling der oppgåva var at skoa skulle fortelje si historie. Då var det viktig at elevane bruka kreativiteten og fantasien sin. Me har også hatt fotoutstilling på KOS (Kviteseid omsorgssenter). Båe dei prosjekta har gått parallelt med førebuingane til arrangementet i kveld, smiler Reinskås.
Omfattande oppgåver
Ljos, lyd, tekniske innretningar og rigging av scenen er blant oppgåvene til dei 14 elevane. På båe sider av scenen var det måla graffiti på store finérplater.
– Det er kunstverk som er med i kveldens konkurranse, forklarer programleiarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
15 innslag stod på programmet i Fyresdal, men så mange var det ikkje i starten.
– Det var berre fire innslag i byrjinga. Men me hadde nokre rundar og klarte å motivere folk slik at det til slutt blei 15, seier dei.
– Rett og slett imponerande. Fyresdal er trass alt ikkje ein så stor stad, seier Hilde Martini Momrak, kulturkonsulent i Fyresdal kommune.
Høg kvalitet
Årets mønstring hadde varierte innslag, og mange flotte kunstinnslag gjorde at heilskapen blei av høg kvalitet.
Mirja Veum var fyrste artist på scenen, og ho song «Not About Angels», mest kjent med artistane Birdy og Jasmine Thompson.
Fleire kortfilmar stod også på programmet, og eit par deltakarar spela ukulele. Det er ikkje rett å trekkje fram nokon særskilde utøvarar anten innan kunst, film er musikk, så derfor er det eit eige domarpanel som skal avgjere kven som skal gå vidare til fylkesfinalen i april.
– Det er ingen som har prøva å smørje oss så langt, ler Tilman Hartenstein, ein av fire domarar.
Han vedgår at dei vil få ein tøff jobb med så mange flotte bidrag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blir ikkje lett, men me skal gjere vårt beste, smiler han.
Desse gjekk vidare:
Kunst:
* Kaja Homme, «Den mørke siden».
* Margit Amalie Storøygard Lie, «Evig lykke».
* Magnus Momrak Haugan og Kristian Sølyst Skomedal – sykkel/moped.
* Maria Isabella Hosan og Eldin Berg, «Figurer».
* Kristian Sølyst Skomedal - «Graffitivegg».
* Milla Nome, «Hjerte i lomma til en fyr jeg ikke vet om jeg vil ha».
Musikk, scene:
* Mirja Veum, «Not About Angels».
Artikkelen held fram under annonsen.
* Oliwia Bienek, «If I go, I’m going».
* Mathilde Slyngstad, «The Night we met».
* Emilia Dahler, «Dear Future Husband».
* Girlsa (Karoline Nedrebø, Kristy de Kruif, Margit Amalie Storøygard Lie, Johanne Teksle, Thea Veum og Milla Nome, «New Rules», dans.
Film:
* Tausene (Oda Wæthing, Mathilde Rinden og Kaya Homme), Dyreparken.