Eirik Aas Levang viste gode prestasjonar både med sjølvskriven låt på UKM og på skiskyttararenaen på Gautefall.
Eirik Aas Levang viste gode prestasjonar både med sjølvskriven låt på UKM og på skiskyttararenaen på Gautefall.

Talent i to spor

Eirik Aas Levang treffer godt både når det gjeld eigenprodusert musikk og i skiskyttarsporet. Førre veke gjekk han vidare til fylkesfinalen i UKM, han er nominert som Fyresdals kandidat til Drømmestipendet og i helga oppnådde han gode resultat på junior-NM i skiskyting.

Medan ein høyrer om lita deltaking på ungdommens kulturmønstring (UKM) elles i landet, er dette langt frå realiteten i Fyresdal.

Onsdag inviterte ungdomsrådet og Fyresdal kommune til ein heileftan med videoinnslag, kreative godbitar og ei rekkje musikalske innslag med spenn frå klassisk musikk til god gammaldags boogie woogie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein million til kultur

I tillegg til kjente cover-låtar blei det også servert nytt materiale.

17-åringen Eirik Aas Levang framførte låta «Tomorrow» som han har skrive og komponert sjølv.

Rektor i kulturskulen i Fyresdal, Sarke Veum, meiner ungguten er eit stort talent som nå har funne seg sjølv og stemma si.

– Eirik har utvikla seg veldig dei siste åra. Han har utvikla eige uttrykk og klang, noko som gjer han tryggare i rolla. Dei to siste åra har han også produsert eigne låtar, og dei blir bare betre og betre, rosar Veum.

Ho fortel at det førre veke vart bestemt at den unge musikaren er nominert til Drømmestipendet, eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Kvart år blir det delt ut hundre stipend, kvar av dei på 10.000 kroner.

– Kommunen kan nominere ein kandidat eller gruppe kvart år. I år var det Eirik sin tur, seier Veum.

Ho er stolt over kva elevane i kulturskulen presenterer på UKM, og meiner det er mange sterke kandidatar med tanke på framtidig nominasjon til Drømmestipendet.

Kven som blir dei hundre heldige stipendmottakarane frå sør til nord i landet, blir kjent i juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kreative tvillingar

Tolv arbeid blei stilt ut på lokalmønstringa, og her kunne ein finne alt frå perla hjarteøyredobbar til datateikningar og hekla mobilvesker.

Tvillingbrørne Erik og Håkon S. Bjørnerud imponerte med fem hekla bidrag i flotte fargar og med god teknikk.

Skuleprosjekt

På mønstringa var det meldt på fire videoinnslag. Alle arbeida stammar frå videoprosjekt som 6. klasse har hatt på skulen.

Sjølv om videoane var korte fekk ein med seg både action og kule effektar frå dei unge og kreative filmskaparane.

Ekte levering

Det var elleve musikalske innslag. Me fekk mellom anna høyre tostemt song av systrene Rina og Eili Veum med låta «Gospel Medley», Nilia Kamilla S. Lie hadde god publikumskontakt då ho framførte «Miss nothing» og Simon Nome skapte gåsehudfaktor med ekte og flott framføring av den kjente Coldplay-låta «Fix you».

Jonathan van Dahl hadde god kontroll på tangentane då han framførte «Canon in D» av J. Pachelbell og dei tøffe gutane Steinar Skålid og Sverre Libjå, framførte Green Day-låta «Boulevard of broken dreams».

Sjølvprodusert

Firkløveret SARA, som er sett saman av Sibylla Gjersund, Anne Bondal, Rina Veum og Andrea A. Vik synte eit godt utgangspunkt for framtidig suksess med låta «Always there». Jentebandet hadde laga låta sjølv, og spela alle kvart sitt instrument og song.

Den musikalske heileftanen og lokalmønstringa blei avslutta med gruppa Fotsopp som serverte rytmar som reiv og sleit i beina. Her fekk ein lyst til å danse, og det vil truleg publikum på fylkesfinalen i Bø, fyrste helga i april, kjenne også …

Artikkelen held fram under annonsen.

Før kandidatane fekk greie på kven som gjekk vidare blei det delt ut premiar til alle deltakarane og juryen gav kvart bidrag tilbakemeldingar, ros, kritikk og tips om kva dei bør jobbe med vidare.

Desse gjekk vidare til fylkesmønstringa:

– «Heklelue» av Erik S. Bjørnerud.

– «Villhest» teikning av Ine Berge Lund.

– «E.T. går amok» video av Jon Teksle og Tyrone Teunissen.

– «Engelen» video av Veronica Skifjeld og Sunniva Slyngstad.

– «Miss nothing» av Nilia Kamilla S. Lie (gitar og song).

– «Fix you» med Simon Nome (song og piano).

– «Tomorrow» sjølvkomponert melodi og tekst av Eirik Aas Levang (gitar og song).

Artikkelen held fram under annonsen.

– «Boogie woogie» av gruppa Fotsopp, komponert av Auver Gaaren (piano), Jonas Neverdalen (gitar) og Andreas Nedrebø (trommer).