Vest-Telemarkrådet mintest Ole Dalen med eitt minutts stillheit.
Vest-Telemarkrådet mintest Ole Dalen med eitt minutts stillheit.

Mintest Ole Dalen med eitt minutts stille

Då møtet i Vest-Telemarkrådet skulle starte i Fyresdal næringshage tysdag, opna regionordførar Jon Rikard Kleven med desse orda:

«Ole Dalen, utviklingsleiar i rådet, døydde førre tysdag og det er gravferd fredag. Det er bestilt bårebukett frå rådet. På rådsmøtet før påske fekk Ole telefon i møtet, reiste ut for å ta den, kom tilbake og jobba vidare som han plar å gjere. Etter møtet fortalde han at han hadde fått telefon frå legen om at han hadde kreft. Ole brann for samarbeidet i Vest-Telemark og han brann for arbeidet i rådet. Han var ein kreativ utviklar og igangsettar. Eg bed om at me startar med eitt minutts stillheit for å minnast Ole.»