Lårdal kan miste både skulen og barnehagen dersom politikarane fylgjer rådmannens råd om å leggje ned frå neste skuleår. Dermed forsvinn dei siste kommunale institusjonane frå bygda.
Lårdal kan miste både skulen og barnehagen dersom politikarane fylgjer rådmannens råd om å leggje ned frå neste skuleår. Dermed forsvinn dei siste kommunale institusjonane frå bygda.

Vil legge ned Lårdal, Byrte og Åmdals Verk

Frå neste skuleår bør det vera berre to skular i Tokke kommune, meiner rådmannen. Lårdal barnehage kan også bli lagt ned, på grunn av lågt barnetal.

Økonomiske årsaker ligg bak skulestrukturdebatten som har herja Tokke kommune sidan budsjettbehandlinga før jol. Men rådmann Brit Houge og oppvekstsjef Finn Arne Askje trekkjer også fram faglege argument for å samle elevane i kommunen, som har synkande elevtal.

Rådmannens prognoser seier at talet på elevar har minka med ein fjerdedel mellom 2001 og 2015. I 2001 gjekk 326 elevar i skulen. I 2015 vil talet vera 244.

Artikkelen held fram under annonsen.

Legg ned tre skular

Snart skal politikarane ta stilling til det store spørsmålet. Denne veka la rådmannen fram kva ho tilrår dei å gjera:

Barneskule: Skulane i Lårdal, Byrte og Åmdals verk blir lagt ned frå hausten av, dersom politikarane fylgjer framlegget.

For Åmdals verk legg ho fram to alternativ. Det eine er å behalde 1.-4. klasse, mellom anna på grunn av den lange reiseavstanden. Det andre er å legge ned heile skulen, og det er dette rådmannen tilrår kommunestyret å gjera.

Ungdomsskule: I løpet av dei tre neste åra må ein vurdere å samle dei to ungdomsskulane, slik at Høydalsmo ungdomsskule blir lagt ned.

Barnehage: Barnehagane i Byrte og Åmdals Verk blir som i dag. Skulefritidsordninga (SFO) blir lagt til barnehagane, og foreldra kan velje om dei vil nytte seg av SFO-tilbodet der eller ved skulen barnet går på.

Lårdal barnehage kan bli lagt ned på grunn av lågt søkjartal. Berre fire barn skal etter planen gå i Lårdal frå hausten. Før høyringsrunden var Lårdal sett på som den sikraste barnehagen på grunn av høge barnetal.

Rådmannen tilrår også kommunestyret å setje ei grense på åtte born for barnehagedrift. Er det mindre enn åtte søkjarar til barnehageplassane, blir barnehagen mellombels nedlagt.

– Overraskande låge tal i Lårdal

Oppvekstsjef Finn Arne Askje seier han er overraska over det låge barnetalet i Lårdal barnehage frå hausten av. Tre barn skal starte i august, og frå september blir dei fire. Fleire foreldre i Lårdal har søkt barna sine til Høydalsmo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I høyringsdokumentet vurderte me ikkje ein gong å legge ned Lårdal barnehage, på grunn av talet på barn. Det var ikkje ei aktuell problemstilling, seier Askje.

No stiller saka seg annleis, når så mange er søkt vekk frå Lårdal. Askje blei overraska då han såg dette. Han seier dei nyleg har tatt grep for å sikre det pedagogiske tilbodet i Lårdal.

– Men utgangspunktet mitt er at ein skal respektere foreldra, og mange av dei har no valt Høydalsmo, seier Askje.

Vurderer å slå saman ungdomsskulane

Om tre år er det naturleg å vurdere å legge ned Høydalsmo ungdomsskule, meiner rådmannen. Då er elevtalet nede i 18 elevar for ungdomssteget.

Talet på elevar i Høydalsmo er nesten halvert sidan 2001. Dette skuleåret er det 31 elevar ved ungdomsskulen. Frå 2015/2016 og fram til 2019 varierer talet mellom 16 og 18 elevar til saman i 8.–10. klassane.

Ved Tokke skule har det samla elevtalet minka med 6 prosent dei siste 14 åra. I Høydalsmo er talet 46 prosent.

Får ikkje starte alternative skular

Rådmannen ynskjer at det politikarane vedtek ein eigen klausul for etterbruk av tome skule- og barnehagebygg.

– Det vil ikkje bli høve til å nytte bygga til barnehage- eller skuletilbod, er formuleringa.