Vinje kåra til Noregs kulturkommune
Vinje kommune er kåra til Noregs kulturkommune 2009. Ein sterk kulturell identitet og systematisk satsing på kunst og kultur er stikkord for grunngjevinga.
Dette er ei stor og uventa ære for oss. Prisen betyr mykje for oss som ein liten kommune som har satsa mykje på kultur og livskvalitet. Vi har mange som deltek både gjennom lag og organisasjonar og som einskildpersonar, og som fortener ære for at kulturen står så sterkt i Vinje kommune, seier ordførar i Vinje, Arne Vinje.
Spenninga var stor før prisen vart delt ut under ei tilstelling på Stortinget tysdag. Før kåringa vart kunngjord, fekk Vinje og dei to andre nominerte kommunane, Karmøy og Modum, presentera kultursatsinga si for open scene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Leiaren i juryen, stortingsrepresentant May-Helen Molvær Grimstad (KrF), var djupt imponert over arbeidet på kulturfronten i alle dei tre kommunane, men Vinje kommune trekte altså det lengste strået i skarp konkurranse med dei to andre kommunane.
Systematisk satsing
I grunngjevinga heiter det at politisk forankring og systematisk satsing på kunst og kultur har vore med på å utvikla eit kulturliv som er nyskapande, involverande og inkluderande.
Juryen seier vidare at kommunen gjennom sine plandokument gjev uttrykk for at kultursatsinga er eit strategisk grep for å halda fast på det særpreget som gjev tilknyting og skaper identitet.
Vinje er til dømes veldig bevisste på sitt eige språk, sin eigen identitet, den lokale kulturen og det å få fram sine eigne, utdjupar juryleiar Molvær Grimstad til Nynorsk Pressekontor.
Djupt imponert
Juryleiaren er djupt imponert over aktiviteten rundt om i kommunane, og vedgår at det var ei vanskeleg oppgåve å velja kven av dei tre som skulle gå heilt til topps.
Eg er mektig imponert over arbeidet på kulturfronten i alle dei tre kommunane som var nominerte. Dei hadde alle vore verdige vinnarar av prisen. Dei har alle dokumentert ein imponerande innsats for å skapa trivsel, identitet, utvikling og oppleving for innbyggjarane sine og for besøkjande. Kvar for seg er dei førebilete og fortener honnør, sa Molvær Grimstad før ho delte ut prisen.
Ein arv å ta vare på
I presentasjonen sin før kåringa vart kunngjord, minte Arne Vinje om at små samfunn også kan gje grobotn for kultur med stor kraft og kreativitet. Han peika på ruvande personlegdomar som Myllarguten, Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Dyra Vaa og Knut Skinnarland, og nye, unge stemmer som Odd Nordstoga og Ingebjørg Harmann Bratland.
Samstundes minte ordføraren om at mange små kulturar er under stadig større press, og at det er viktig å ta vare på fellesskapsverdiane i lokalsamfunnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er slike grunnleggjande verdiar som utgjer livet i dei små samfunna og attåt gjer dei til sjølvstendige, funklande fasettar i den samla norske kulturen, sa Arne Vinje.
Fleire sjansar
Det er Norsk kulturforum (NOKU) som deler ut prisen. Målet er å rette merksemda mot kulturengasjementet i kommunane og innsatsen deira for å få eit godt og allsidig kulturtilbod for innbyggjarane. I 2009 er det lagt særleg vekt på arbeidet med kulturlova.
Prisen blir delt ut annakvart år. Dei som ikkje nådde til topps i år, får med andre ord ny sjanse i 2011.
Stolte og glade over pris
Kulturprisvinnarar i Vinje er glade for at Vinje er kåra til kulturkommunen i Noreg.
Rike tradisjonar på kultur
Odd Nordstoga synest det var moro at heimkommunen fekk prisen som årets kulturkommune i Noreg.
Det var veldig artig. Det tikka inn tekstmeldingar då det var klart at Vinje hadde vunne, og eg nytta høve til å sende gratulasjonar til ordføraren, seier Nordstoga.
Vinje er rike på kulturtradisjonar som ein må forvalte og ta vare på, seier Nordstoga, og trekkjer fram mellom andre Aasmund Olavsson Vinje og Tarjei Vesaas.
Musikaren som fekk kulturprisen i Vinje i 2004, set pris på at folk rundt om på gardane kan mykje, og at alt ikkje er så kommersielt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange kan mykje sjølv om dei ikkje alltid er i avisa, det er store ressursar rundt om, seier han.
Han understrekar at han ikkje lenger har fyrstehandskunnskap om kulturlivet i Vinje, men minnest godt då han vaks opp.
Då var det ein boom på fleire område innanfor kulturlivet. Det var stor rekruttering. Dessutan hadde me eit fyrtårn i Arve Moen Bergset som var eit eineståande musikalsk talent. Me hadde også til dømes folkedans på skulen, seier Nordstoga.
Kva råd vil du sende heim til Vinje?
Gjer ting sjølv. Ein må ikkje vente på konsulentar som seier korleis ting skal gjerast, seier Nordstoga
Må ikkje sovne
Liv Lofthus har vore dirigent i Vinje songlag i snart 50 år (!). Ho fekk kulturprisen i kommunen i 2007, og blei både stolt og glad då det tysdag blei annonsert at Vinje kommune er årets kulturkommune i Noreg.
Veldig bra og veldig moro. Det er absolutt fortent at kommunen får kulturkommune-pris, men det er eit lite men. Når ein får ein så flott pris er det viktig å tenkje framover. Det har vore ein tendens at ein har kvilt litt på laurbæra. Sjølv om det er mykje kultur, bør det vere mogleg å auke interessa blant dei unge og å få med innflyttarane, seier Lofthus, og viser til at det ikkje er så mange elevar i kulturskulen.
Det er viktig å ikkje sovne. Ein må vere offensiv og prisen kan vere eit ekstra påskot, meiner ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho har ikkje fasiten på kva som bør gjerast, men meiner tiltaket med å integrere mellom anna dans i skulen er viktig. Lofthus meiner ein også bør sjå til Seljord som har eit endå meir levande miljø, med mellom anna barnespelemannslag. Ho er også litt oppgjeven over at alt skal vere på engelsk.
«Ein kultursnobb med integritet»
«Eg er ein hederleg vinbyggje, ein kultursnobb med integritet». Tekstlina er henta frå E 76-songen «Hei raulending» og handlar om forskjellane mellom vinbyggjane og raulendingane.
Det er litt stygt å henge ut raulendingane, for det er mykje kultur her óg, poengterer låtskrivar og raulending Edvin Loftsgarden.
Han synest prisen er fortent, og trekkjer fram at det er eit stort kulturtilbod for mange i Vinje kommune, men han har ein kjepphest.
Kultur er så mangt, og om eg skal trekkje fram noko å bli betre på, må det vere vern av gamle bygg. Kommunen bør bli flinkare til å gje midlar til at folk kan ta vare på gamle gardsbruk, meiner Loftsgarden.
E 76 fekk kulturprisen i Vinje i 2001.
Sjå heile kommunen
Prisen er fortent den, og det var bra kommunen fekk han, men det er skjer i alle sjøar. Eg meiner ein bør bli flinkare til å sjå og utvikle heile kommunen, både på kultur og andre ting. Me må slåst litt meir for goda i utkantane, samanlikna med sentrale strøk i kommunen, meiner Ragnvald Christenson frå Haukeli som fekk kulturprisen i 1997.
Fortent pris
Hilda Tjønn frå Rauland fekk kulturprisen i Vinje, saman med mannen Einar, i 2003. Ho synest det var stas at kommunen fekk prisen.
Det er eit veldig mangfaldig kulturliv i Vinje, meiner Tjønn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange sit inne med mykje kunnskap, men dei er nok litt beskjedene, trur Tjønn.
Ho skal annankvar torsdag framover underhalde bebuarane ved Rauland omsorgssenter, saman med Birgit Landsverk.
Eg skal fortelje litt om staulslivet, fortel Tjønn.