Inger Rønningen er leiar for frivilligsentralen, og er veldig glad for at torsdagstreffet blir ein realitet. Ho meiner dei frivillige – dei som stiller opp utan løn, men med kjempestort engasjement – er svært viktige i samfunnet.
Inger Rønningen er leiar for frivilligsentralen, og er veldig glad for at torsdagstreffet blir ein realitet. Ho meiner dei frivillige – dei som stiller opp utan løn, men med kjempestort engasjement – er svært viktige i samfunnet.

Lagar torsdagstreff for dei over 60

Fyrstkomande torsdag set frivillige i Vinje i gang torsdagstreff i Åmot. Målgruppa er alle over 60 år, og arrangørane håpar på utvikling av både gamle og nye venskap.

Dei vil skape eit helsefremjande lågterskeltilbod, gjengen som står bak planane om torsdagstreffet – ein open møteplass for alle over 60. Målet er å skape aktivitet og sosialt fellesskap, og gje høve til utvikling av både gamle og nye venskap.

Ragnfrid Høgmo Bakken står i spissen for opplegget, og Frivilligsentralen i Vinje er med. Leiar for frivilligsentralen, Inger Rønningen, håpar og trur tilbodet vil bli godt motteke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me serverer god og sunn suppe, kaffi og vaflar kvar gong, for ein rimeleg penge, seier Rønningen.

I fyrste omgang blir opplegget arrangert på Vinjehuset, med mat oppe i vestibylen og kaffi nede i kafeen Blåmann.

Underhaldning med Nils Ole Lien

På opningsdagen torsdag blir det underhaldning med Nils Ole Lien. Bakken seier dei ynskjer underhaldning både for og av dei som brukar tilbodet.

– Me har eit ynske om at dei som kan bidra med underhaldning av ymse slag er hjarteleg velkomne til det. Ta gjerne med musikkinstrument eller dikt du vil dele med andre, oppmodar Bakken.

Dei vil også legge vekt på å vera ein arena for informasjon, som til dømes frå fysioterapitenesta og biblioteket.

– Og kva med ein reiseklubb? Og ein leseklubb?

Bakken har mange forslag, og er open for endå fleire.

– Stien blir til medan me går, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ta med naboen i bilen

Førebels er dei fire personar som har sagt dei kan trø til. Dei treng fleire frivillige som kan hjelpe til med arrangementa, i fyrste omgang fram til jol.

– Ein treng slett ikkje vera med kvar gong, men kanskje det passar slik av og til. Ta kontakt, så finn me ut av det, seier Rønningen på frivilligsentralen.

Ho oppmodar dei som har lyst til å ta seg ein tur på torsdagstreff om å ta kontakt med naboar eller kjenningar for å høyre om kameratkøyring er aktuelt.

– Køyr saman frå ulike grender rundt! Ta med ein nabo som kanskje ikkje har bil, oppmodar Bakken.