Skogsvandring i Skafså

Tokke Bygdekvinnelag, Tokke Skogeigarlag og Tokke kommune inviterer til skogvandring i Skafså på garden Kjestveit. Vandringa er sundag 3. juli og passer for heile familien. Det er skilta der ein tek av frå Rv 38 – ca 500 m til Kjestveit.

Det blir trall med Vera Vistad. Olav og Randi J. Felland ynskjer velkomen og orienterer litt. Det blir ein matbit og litt drikke, Anne Lise Andersen lager lapskaus. Så startar vandringa oppover nyvegen som er 2 km. Torhild Byggstøyl svingar motorsaga og vil felle eit tre, Jan Andersen fortel litt om geologien på vandringa. Det blir tipping av høgda på eit tre, vekta på ein stein m.m. Tore Storhaug fortel om stell av ungskog, Sverre Bakke fortel om bygging av vegen. På toppen vil Svein Gunnar Brekka bruke gravemaskin m.m. Og kanskje dukkar det ei spåkone opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Annemarij van Dinter og Aud Grete Haugehåtveit stiller med kaffi og kake ved enden av vegen. Tippekonkurransen blir premiert på slutten av turen. For dei som har vanskar med å gå, blir det ordna transport, slik at alle kan vera med – både liten og gamal.