Held fram matleveransen med Dyrsku’n
Formannskapet i Seljord avlyser anbodskonkurransen om mattilbod til eldre i kommunen.
Det blei vedteke med 6 mot 1 røyst i formannskapet i Seljord i går. Det var Senterpartiet ved Beate Marie Dahl Eide som fremma forslaget om å avlyse anbodskonkurransen for mat til institusjonar i Seljord kommune. Politikarane vil sjå på løysingar som inneber at kommunen skal drive dette i eigen regi. Fokuset skal vere å levere gode matopplevingar, god ernæring og rein, trygg norsk mat til institusjonane og bu- og servicesentra i kommunen, og med bistand frå lokale samarbeidsaktørar innan lokal matproduksjon og matforedling.
– Senterpartiet meiner at dette eignar seg lite for å sette ut på anbod. Mat og matservering til våre eldre og institusjonsbuande er viktige for kommunen å ha styr på sjølv. Mat, matkvalitet og matopplevingar er viktig for helsa til folk, det påverkar trivsel og livskvalitet, slår Dahl Eide fast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Formannskapet vedtok også at inntil ei slik løysing er på plass skal kommunen vidareføre den eksisterande avtala med Dyrsku’n Arrangement AS om levering av mat til Seljord kommune.
– Me meiner det er viktig å ta vare på det matfaglege miljøet vi har i Seljord. Det er viktig for kvaliteten og tryggleiken for matleveringa, og det betyr arbeidsplasser lokalt, seier Dahl Eide.
Saka har vore mykje diskutert den siste tida. I den førre runden blei det klart at Matvarehuset i Bergen var det mest kostnadssparande alternativet, og dermed gjekk dette anbodet framfor både Dyrsku’n Arrangement AS og Fazer Food Services AS i høve til lovverket om offentlege anskaffingar. Det skildevel 800 000 kroner mellom dyraste og billigaste alternativet. Dette ville likevel ha medført å få maten frakta 330 kilometer før servering.
Slik VTB har skrive tidlegare i denne saka ynskte formannskapet meir tid til å vurdere høvet for å etablere eit utviklingsprosjekt for å ivareta matleveranse til institusjonane og bu- og servicesentra i kommunen. Dette ser no ut til å gå mot ei løysing. Saka skal opp til handsaming i kommunestyret