Rikke tok dette bildet av Manhattan Skyline. (Det store bakgrunnsbilde er frå idylliske Cantral Park.)
Rikke tok dette bildet av Manhattan Skyline. (Det store bakgrunnsbilde er frå idylliske Cantral Park.)

Livet i storbyen – New York

Reisebrev frå nissedølen Rikke Solberg.

Etter å ha jobba i fem år hadde eg lyst til å prøve noko nytt. Det å velje mellom jobb, meir studiar eller bare reise var ikkje eit enkelt val. Etter å ha søkt rundt på internett hugsa eg å ha lese noko om Gateway College. Dei tilbyr studiar i utlandet for eitt semester, og du får studiepoeng å bruke vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg vurderte Bali ganske lenge, men valet fall på Gateway College i New York, byen som aldri søv. Og eg har ikkje angra eitt sekund sidan eg drog.

Minifilmfestival

Eg har valt å studere Event & Entertainment Management, eit studium som er nytt for Gateway i år, som er i stor vekst generelt. Me lærer å halde eit event frå planleggingsfasen til det å faktisk gjennomføre eventet.

I tillegg har me fag som forretnings-engelsk, Public Relations og Consumer Psychology. All undervising føregår på engelsk, noko som gjer at ein får maksimalt utbyte av å vere her. Alle lærarane er veldig gode i faga sine, og me får oppgåver som er bra tilpassa arbeidsmarknaden me skal inn i etterpå. Me har til saman 18 timar undervising i veka, så ein må gjere noko på eiga hand i tillegg. Det å jobbe med event gjer at ein må vere aktiv og leite etter moglegheiter for å få det gjennomført. Gruppa mi jobbar for å få i gang ein skandinavisk minifilmfestival. Det gjer at me må få rettar til å vise filmane, få tak i lokale, sponsorar, mat og drikke for sal og anna. Dette gjer faget veldig reelt, og eg føler at eg lærer mykje.

Rikke Solberg (t.v.) og «sambuar» Julie Brix Røed på Brooklyn Bridge, med Manhattan Skyline i bakgrunnen. (Private foto)
Rikke Solberg (t.v.) og «sambuar» Julie Brix Røed på Brooklyn Bridge, med Manhattan Skyline i bakgrunnen. (Private foto)

Koseleg område

Det å finne ein stad å bu i New York kan vere vanskeleg. Prisane er høgare enn heime, og standarden lågare. Eg har valt å bu saman med tre norske studentar som også går på Gateway. Me bur i eit område som heiter Soho, eit av dei koselegaste av dei synest eg. Her er det mange små koselege kafear, alt frå små nisjebutikkar til dei store merkevarene, og der er små galleri ein kan gå i. Dette området er også meir prega av «gatemote» enn høgare oppe på Manhattan, og mange bloggarar reiser hit for å hente inspirasjon.

New York er ein by med mange moglegheiter, alt frå jobb til sightseeing og shopping. Her kan du finne alt, og med 3 500 restaurantar å velje mellom, treng du aldri å ete på same stad to gonger. Det er nok av uteliv, konsertar og musikalar. Det å bu her kan gå hardt ut over lommeboka, men heldigvis er det også ein del gratis event ein kan gå på. New York har noko for nokon kvar.

Etter å ha studert eitt semester ved Gateway, har du høve til å studere vidare i Noreg eller søkje deg til England for å ta bachelorgrad og bli eventplanleggjar. Om du ynskjer å reise og ta eit semester i utlandet, er Gateway College ein fin moglegheit.

Snart heim att

Skulen eg går på tilbyr bare eitt semester i utlandet, så det blir rekna som eit kurs eller bachlorstart. Skulen sluttar 13. desember, og eg reiser heim den 18.

Eg har enno ikkje bestemt om eg skal søkje på vidare studiar eller jobb når eg kjem heim. Men ein har krav på vidare studiar ved Høgskulen i Telemark om ein ynskjer det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brooklyn Bridge:Rikke Solberg (t.v.) og «sambuar» Julie Brix Røed på Brooklyn Bridge, med Manhattan Skyline i bakgrunnen. (Private foto)