Transportkomité og FN-oppdrag
Solveig Sundbø Abrahamsen skal ha hyggelege oppdrag framover.
Vesttele og stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) går frå finanskomiteen til transportkomiteen dei neste fire åra. Dermed fekk ho ynsket sitt oppfylt.
– Eg er veldig fornøgd med å kome i transportkomiteen. Samferdsel er utruleg viktig for næringslivet og distriktet, seier Abrahamsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho har også fått ei anna hyggeleg melding. Abrahamsen er éin av fem stortingsrepresentantar som sundag reiser til generalforsamlinga FN har i New York.
– Dette blir moro og spennande, seier Abrahamsen.
I fire veker skal ho mellom anna fylgje komitear og diverse møte. Vidare blir det tre dagar til Washington, der ho skal få eit godt innblikk i amerikansk politikk.