Ap i runddans med Bygdelista
Ap i Fyresdal har fridd til Bygdelista rett framom nasen på Sp. Resultatet er at Bygdelista får både ordføraren og varaordføraren, medan Ap kan vifte med å ha kome i posisjon igjen etter fire år i det politiske mørket.
Bygdelista og Sp i Fyresdal har forhandla om eit valteknisk samarbeid. Etter eit brot i forhandlingane dukka Ap opp med ei smørbrødliste som Bygdelista fann så interessant at dei slukte ho framføre eit sjokkert Sp.
Bygdelista og Ap blei denne veka samde om eit valteknisk samarbeid der Saamund Gjersund og Hilde Martini Momrak (båe Bygdelista) kan førebu fire år som ordførar og varaordførar. I avtala heiter det at Ap skal stemme blankt ved val av dei to verva i konstituerande kommunestyremøte. Dermed sikrar Bygdelista fleirtal med ni røyster mot Sp sine fem når avgjerda blir tatt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Provoserande
Ap og Bygdelista skal ha likt tal medlemmer i faste utval, nemnder, råd, komitéar og representantskap. Utvala helse og sosial, og oppvekst og kultur blir slått saman til eit utval og får Lars Arvid Bjørgulfson (Ap) som leiar. Partifellene Olav Gisle Noraberg og Berit Gulbrandsen tek plass i formannskapet.
Bygdelista har skrive under på å røyste på Ap-kandidatar ved val av leiar og nestleiar i det nye utvalet, leiar i administrasjonsutvalet, leiar i kontrollutvalet og nestleiar i hovudutval for landbruk og teknikk. Ap skal røyste inn Bygdelistas Eivind Skjalg Spockeli som leiar i sistnemnde utval.
Nå er det i boks. Me har ikkje hatt forhandlingar med Ap, men det var Sp som var utgangspunktet til Bygdelista. Etter eit møte kom Sp og kravde meir. Det reagerte me kraftig på, særleg at me skulle forplikte oss på eit par Sp-saker, mellom anna legevaktordninga. Me følte krava var provoserande, seier Saamund Gjersund (Bygdelista).
Politikk er så mangt
Etter dette inviterte Ap Bygdelista til eit møte. Ap la fram ei ferdig tilbod som Bygdelista ikkje kunne seie nei til slik situasjonen var.
Eg blei overraska over tilbodet frå Ap. Men politikk er så mangt. Bygdelista er nøgd, men me er skuffa over griske Sp, avsluttar Gjersund, dagens Fyresdal-ordførar som kan sjå fram til nye år i sjefsstolen.
Berit Gulbrandsen var med i forhandlingsutvalet til Ap, som baud Bygdelista det attraktive måltidet.
Ap hadde sydd eit tilbod til Bygdelista, og me fekk eit endå betre resultat etterpå. Me har fått nokre posisjonar me er nøgde med, og dei er interessante, seier Gulbrandsen.
Uryddig spel frå Bygdelista
Per Helge Seltveit, leiar i Fyresdal Sp og klar for nye år i formannskapet, trudde partiet framleis var i forhandlingar med Bygdelista. Derfor er han overraska over å høyre at Bygdelista og Ap har sluttført eit resultat som gjev valteknisk samarbeid mellom dei to.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me er skuffa over det me synest er uryddig spel frå Bygdelista. Dei ville ha samarbeid med Sp, og det er lite profesjonelt at dei ikkje fullfører løpet. Det må vere eit eller anna med forhandlingskompetansen i Bygdelista, seier Seltveit.
Han registrerer at Bygdelista har tilbydd Ap meir enn kva som var tilfelle då det stranda i forhandlingane med Sp.
Ap får meir makt enn me blei tilbydd. Men det er ein genistrek av Ap å seie nei til å ha varaordføraren. Det vervet er ikkje attraktivt viss ein ikkje er i venskapleg samarbeid, seier Seltveit.
Elles undrar han seg over at opposisjonen ikkje får leiaren i kontrollutvalet.