Kolbjørn Birkrem (t.v.) skal ha ansvaret for dei 12 karane mellom 18 og 39 år som startar på jakt- og fiskelina ved Seljord Folkehøgskule om knappe to veker. Rektor ved folkehøgskulen, Lars Bjaadal, er glad for at erfarne Birkrem skal ha ansvaret for den nyetablerte lina.
Kolbjørn Birkrem (t.v.) skal ha ansvaret for dei 12 karane mellom 18 og 39 år som startar på jakt- og fiskelina ved Seljord Folkehøgskule om knappe to veker. Rektor ved folkehøgskulen, Lars Bjaadal, er glad for at erfarne Birkrem skal ha ansvaret for den nyetablerte lina.

Fangst og fiske fordrar forvaltaransvar

Om få dagar startar 12 karar på den nyetablerte jakt- og fiskelina ved Seljord Folkehøgskule.

– Nei, me blir ingen machogjeng sjølv om me bare er karar. Eg trur tvert om me kjem til å bli ein gjeng som vil oppleve glede og spenning i naturen forankra i forvaltaransvaret kvar einskild av oss har. Me skal lære kvarandre å drive fangst og fiske med forvaltaransvaret i sentrum, seier Kolbjørn Birkrem.

Skogbrukssjefen i Seljord får nå ansvaret for den nyetablerte jakt- og fiskelina ved folkehøgskulen. 60 prosent av arbeidstida si skal Birkrem nytte saman med naturglade folkehøgskuleelevar. Dei resterande 40 prosentane skal han fungere som skogbrukssjef.

Artikkelen held fram under annonsen.

I folkehøgskulens ånd

I fylgje rektor ved Seljord Folkehøgskule, Lars Bjaadal, er jakt- og fiskelina i folkehøgskulens ånd.

– Me er ein folkehøgskule med klar friluftsprofil. Me ynskjer ikkje bare å gå frå topp til topp, men også vere medvetne brukar- og forvaltaransvaret vårt. Me er oppteken av å sjå samanhengar, skape haldningar og forme ein skule som presenterer noko heilskapleg, seier Bjaadal.

Jakt- og fiske er valfag ved skulen, men nå kan altså friluftsinteresserte velje jakt- og fiske som linefag. Det tyder at friluftsinteresserte kan farte på fjellet med børse og fiskestong mykje av tida.

– Tanken er ikkje heilt ny, men det er nå me tek spranget. Spesielt fornøgde er me med at Kolbjørn takka ja til å byrje hjå oss. Kolbjørn har brei jakt- og fiskeinteresse, solid fagleg bakgrunn og eigenerfaring. I tillegg er han fødd og oppvaksen i Vest-Telemark og kjenner difor godt til regionen og menneska her, kyter Bjaaland.

Tri andre folkehøgskular i Noreg tilbyr reindyrka jakt- og fiskeliner, medan somme folkehøgskular har ulike kombinasjonar av tilbod.

Ingen kvinner

Seljord Folkehøgskule har rik tilgang til jaktterreng, fiskevatn og skjotebanar i næraste omkrins.

– All ære til samarbeidsviljuge grunneigarar, lag og foreiningar. Utan dei hadde me ikkje kome langt, seier Bjaaland og Birkrem.

Sundag om to veker kjem 12 mannfolk, frå Helgelandskysten i nord, Danmark i sør, Sem i aust, Bergen i vest og London endå lenger vest, til Seljord for å lære om jakt og fiske eitt år til ende.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vurderer å innføre revejakt frå hest slik at engelskmannen skal kjenne seg heime, skøyar Kolbjørn Birkrem.

Ein av elevane er ein erfaren flugebindar medan ein annan har arbeidd som preparant (utstoppar).

– Me får tru me får lirka dei saman til ein gjeng som dreg vekslar på erfaringane til kvarandre, seier Birkrem.

Jakt- og fiskelina

* Jegerprøva

* Storviltprøva

* Skytetrening med hagle og rifle

* Fangst og feller

* Storviltjakt etter elg og rein

Artikkelen held fram under annonsen.

* Småviltjakt etter rådyr, hare og fugl

* Slakt og stell av kjøt

* Sports- og garnfiske etter aure og sik

* Isfiske

* Lage fiskeutstyr

* Røyking, salting og graving av fisk

* «Det gode måltid» frå utmarka