Lege Tor Reiten (nærast) ynskte at dei folkevalde i Kviteseid skulle sjå nye vegar og seie ja til legesamarbeid med Seljord. – For mange usikre moment, meinte varaordførar Jonn Foldøy (KrF).
Lege Tor Reiten (nærast) ynskte at dei folkevalde i Kviteseid skulle sjå nye vegar og seie ja til legesamarbeid med Seljord. – For mange usikre moment, meinte varaordførar Jonn Foldøy (KrF).

Politisk skepsis til legesamarbeid

Dei seks politikarane i styret for oppvekst og omsorg (SOO) i Kviteseid meiner at det er for mykje usikre moment knytt til legesamarbeidet med Seljord. I møtet onsdag trakk dei mellom anna fram om det moglege samarbeidet ville bli stort nok til å trekkje legar til distriktet, kva den endelege økonomien ville seie og kva tilbod innbyggjarane vil få. Skepsisen førte til at politikarane vraka samarbeids-framlegget til sakshandsamar og sektorleiar Olav O. Kaasa, og gjekk mot legesamarbeid med grannane i Seljord.

Dei sju folkevalde i styret for oppvekst og omsorg (SOO) i Kviteseid gjekk mot sakshandsamar Olav O. Kaasa sitt framlegg om organisering av legesamarbeidet med Seljord slik det låg føre til møtet onsdag.

– Me er plikta til å gje innbyggjarane eit godt helsetilbod i kommunen vår. Klarer me ikkje det, er me heller ingen god kommune, og burde sjå på samarbeid her også, uttala leiar i utvalet og varaordførar i Kviteseid, Jonn Foldøy (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var han som fremja framlegget som knuste innstillinga til Kaasa, grunngjeve med at det var alt for mange usikre moment i samarbeidet til at dei folkevalde kunne seie ja.

Jan Rune Bjørnson (Sp) ynskte også å hengje på vedtaket at arbeidsgruppa skulle arbeide vidare med forhandlingane for å etablere ei kurativ legedekning ved kontoret i Kviteseid. Dette framlegget fall ikkje i like god jord, og fekk bare to stemmer.

Rekruttering

Dokter Tor Reiten informerte politikarane om at legesamarbeidet mellom Kviteseid og Seljord vart starta på 1970-talet, og at samarbeidet utvikla seg til å bli svært godt etter dette.

– På 80-talet var det gylne tider med tanke på legedekning. Då var det faste legar i alle kommunane i Vest-Telemark over ein lang periode, men eg er skeptisk til at me får slike tilhøve att. Nå søkjer legane seg heller til meir sentrale strok og til større fagmiljø, seier Reiten.

Han trur samanslåing kan føre til betre rekruttering og stabilitet, og at det er på tide å tenkje nytt i Kviteseid.

Uvisse

Politikarane følte seg usikre på mange av momenta som arbeidsgruppa har lagt fram. Mellom anna kor mykje ein vil få ut av løysinga med samanslåing, og kor mykje det vil tene innbyggjarane at eitt legeårsverk skal vere fast i Kviteseid.

Else Ann Grave Hauglid (H) spurde om det var undersøkt om eit framtidig fagmiljø med til dømes seks legar samla i Seljord er stort nok for å trekkje gode og faste legar til å bli.

– Seks legar er kanskje ikkje så mykje det heller, undra ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sakshandsamar Kaasa svara Hauglid at samarbeidet ikkje kunne garantere for meir kontinuitet.

Ikkje så lønsamt

Økonomi var også viktig for dei folkevalde. Samarbeidet som i utgangspunktet skulle spare Kviteseid for kroner og øre, vil ikkje bli fullt så økonomisk lønsamt likevel, viser det seg.

– Det er vel med dette samarbeidet som med andre samarbeid. I utgangspunktet skal det vere store økonomiske innsparingar, men etter kvart viser det seg at dette ikkje er pengar å spare likevel, uttala Jonn Foldøy.

Han fekk stønad frå dei andre medlemmene i SOO, som også legg vekt på at det er viktig å høyre på innbyggjarane i kommunen som har kome med sterk motstand til samanslåinga.

Nei til nedbygging av helsetenesta i Kviteseid

Idrettslaget, pensjonistlaget, sanitetslaget og næringslaget i Kviteseid, Kvitsund Gymnas og Vrådal turistservice er skeptiske til legesamarbeidet med Seljord. Dei har sendt denne uttala til hovudutvalet for oppvekst og omsorg og formannskapet i Kviteseid:

Vi vil sterkt åtvare mot forslaget til nedbygging av legekontoret i Kviteseid. Legekontoret er svært viktig for innbyggarane, feriegjestene, gymnaselevane og busetting. Fråvær av legekontor vil ha negative fylgjer for arbeidet med å oppretthalde og skape nye arbeidsplassar. Manglande legekontor vil gjera Kviteseid mindre attraktiv som bukommune.

Kviteseid er ein av dei fremste reiselivskommunane i Telemark. I store delar av året har kommunen nærare 1.000 gjester dagleg. Held utviklinga fram vil gjestetalet meir enn doblast på få år. På Kvitsund Gymnas går det rundt 180 elevar.

Eit nybygd legekontor vil auke fråværet frå skule og arbeidsliv for elevar og yrkesaktive. Eit nedbygd legekontor vil redusere helseservicen for våre feriegjester.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi trur den føreslåtte nedbygginga fort kan bli fyrste steg i nedlegging av kontoret.

Kviteseid har eit godt grunnlag å bygge helsetenesta på. Eit moderne legekontor, dyktig og serviceinnstilt bemanning. I staden for å bygge ned, ber vi politikarar og administrasjonen gjere alt for å skape større stabilitet i legesituasjonen ved Kviteseid legekontor.