Frå to til 41 tilsette
Aspit har tilsette i Arendal, Gøteborg, Vietnam – og snart i Philadelphia. Men hovudkontoret ligg i Seljord.
Alt starta i 2001. Då bestemte Dag Helge Haslekås og Kenneth Grande seg for å gjere noko med breibanddekninga, og starta opp Aspit for å levere breiband til distrikta. Etter kvart auka IT-drift-delen av selskapet, og for vel ti år sidan sikta dei seg spesielt inn mot IT i helsesektoren.
Starta smått
Firmaet starta opp som ei gründerbedrift og eit tomannsføretak. Haslekås og Grande hadde ingen andre tilsette dei fyrste 4-5 åra.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei fyrste åra er spesielt viktige for ei nystarta bedrift. Spesielt fyrste året. Då er det heilt naudsynt å opparbeide seg litt kapital, fortel Haslekås, som er dagleg leiar i Aspit.
I dag er det totalt 41 tilsette i bedrifta. Det er fordelt på 19 i Seljord, elleve i Arendal, to i Gøteborg og ni i Vietnam. Dei fleste programmerarane sit i Vietnam, men det er òg fire i Seljord. Men det har vore ein lang prosess mot å bli eit etablert selskap.
– Du vurderte ikkje å gje opp?
– Aldri. Det var aldri eit alternativ, svarar han.
– Ein brenn fort aksjekapital i starten, og alle gründerselskap har problem med likviditeten fyrste året. Då er det viktig å sikre eit inntektsgrunnlag. Det er ein tøff fase, men det var aldri noko snakk om å slutte. Det var det aldri grunn til, fortel han.
Fleire bein
Bedrifta består i dag av fleire ulike delar, men er mest profilerte innan helse. Aspit utviklar og leverer journalsystem til ulike nisjar.
– Innanfor psykiatri og psykologi leverer me nok til 98% av bedriftene i Noreg, trur Dag Helge Haslekås.
Bedrifta er på frammarsj innan fysioterapi, kiropraktikk, logopedi og for legar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når ein lagar system for journalføring er det mange strenge reglar ein må fylgje. Det er eit avansert system. Ein skal kunne sende elektroniske meldingar på fleire ulike måtar, for eksempel e-resept eller elektronisk sjukemelding. Det er ikkje noko av dette som går manuelt lenger. No er alt på nett.
– Det er morgondagens helsevesen som me er med og utformar, fortel han, og held fram:
– Ein må alltid finne nye løysingar. Me er tonegjevande i denne kategorien.
Betyr noko meir
Aspit har gått veldig bra, og er eit suksessfullt føretak.
– Det er sjølvsagt moro at forretningane går bra, men det som motiverer er å vite at ein gjer noko med meining, smiler Haslekås.
– Det er lett å motivere seg i ein gründerfase, for då har ein eit konkurranseinstinkt som slår inn. Det var lurt at me skifta til IT for helsevesenet etter denne fasen. Me har ein motivasjon kvar dag i den moglegheita me har til å forbetre helsevesenet, fortel han
– Å kunne bidra til samfunnet ved å gje eit bra journalsystem til legar og pasientar er flott. Det blir særs viktig å ha eit moderne og godt fungerande system med den nye eldrebølgja som kjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er òg viktig med eit tydelig fokus på tryggleik. Det gjennomsyrer alt det me gjer her. Me behandlar sensitive pasientopplysingar, og det er veldig viktig at slikt ikkje kjem ut, fortset han.
Nasjonalt prosjekt
Bedrifta har delteke i fleire nasjonale prosjekt, med mellom andre Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet.
– Me held på med eit stort nasjonalt prosjekt no, som har potensial til å bli revolusjonerande. Men meir kan eg ikkje seie, fortel ein løyndomsfull Haslekås.
Administrasjonsansvarleg Geir Samland og marknadsansvarleg Guro Mæland er kjappe med å seie seg einig. Her må det ikkje røpast for mykje.
Tidleg ute
Aspit var det fyrste selskapet i Norden med eit skybasert journalsystem. Det kom i 2006, og var revolusjonerande. No kunne all infoen bli lagra i skya, og brukarar kunne kople seg til på nett.
– Etter at me fyrst utvikla dette har fleire kopiert ideen, så me har måtte utvikla oss endå meir for å møte konkurransen, seier Haslekås.
– Men me er åleine i å levere både sky og programvare. Det er det ingen andre som gjer, fortel Guro Mæland.
Ho er marknadsansvarleg i Aspit, og har jobba der i fire og eit halvt år. Ho har bakgrunn frå fysioterapi, og er derfor med og utviklar produktet slik at det skal passe til marknaden dei sel til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle sider av arbeidet
Dei tilsette i Aspit har variert bakgrunn. Her finn ein folk frå IT, administrasjon og helse.
– Det er ein god kombinasjon, for då har me alle sidene av produksjonen. Me har òg folk som jobbar med design og marknadsføring, og me gjer alt det sjølve, fortel dei.
– Det er veldig moro at me kan gjere alt sjølve. Me har blitt kalla ein slags «mini-Apple», fordi me forvaltar både skya, programmet og designa sjølv, slik som dei. Me brukar eit enkelt design og sel herfrå, fortel Mæland
– Me gjer altså det meste «in-house», for å bruke eit Vest-Telemarkuttrykk, ler Haslekås.
Finst fleire stader …
I 2009 blei avdelinga i Arendal oppretta. Årsaka var at det var fleire som kom frå Agder og arbeidde i Seljord, og ville flytte heim. Bedrifta ville ikkje miste gode medarbeidarar, og oppretta derfor ein ny filial.
Gøteborg-avdelinga er nyare. Den kom i 2012.
– I Sverige er me på nokre universitet, mellom anna universitet i Stockholm. Der vann me ein stor internasjonal anbodskonkurranse. Den svenske marknaden er veldig annleis, så me har halde oss til utdanningsinstitusjonar foreløpig.
–Programmet er omset til svensk, dansk og engelsk, så me kan levere til fleire land, seier Haslekås.
Artikkelen held fram under annonsen.
… men er heime i Seljord
Det var litt tilfeldig at bedrifta starta opp i Seljord. Haslekås kom til bygda i 1999, og jobba i kommunen. Han såg mangelen på breiband i distrikta, og skjøna at det var ein moglegheit der. Men Haslekås er klar på at det ikkje hadde latt seg gjere å starte opp alle andre stader.
– I Seljord er det fleire private investorar med ein del kapital. Dei investerer i føretak i bygda, og det er særs viktig når ein startar opp. Då er der naudsynt å ha aksjekapital.
– Det er òg viktig med ein positiv kommune, fortset Haslekås.
– I startfasen tok me over IT-drifta av kommunen, og det blei veldig viktig for oss. Det la òg grunnlaget for at me seinare kunne ta over drifta i Fyresdal og Nissedal. Desse kommunale driftsavtalene bar fram bedrifta vår, og er framleis viktige inntektskjelder.
– Seljord er ein aktiv kommune. Det er eit eksisterande privat næringsliv som investerer, og det gjer at slike føretak som oss kan vekse. Det er tradisjon for eit breitt og uredd samarbeid i Seljord, noko som gjev eit glimrande klima for næringsutvikling, meiner han.
Fleire av dei tilsette kjem ikkje frå området, eller har vore utflyttarar. Dei dreg fram nyleg tilsette Eirik Slåttedalen som eit eksempel. Han budde på Åsgårdstrand, men bøheringen har no flytta heim til Telemark, og jobbar i Aspit.
– Me er glade for at me kan bidra til at folk flytter til kommunen. Me håpar at det kan vere gunstig at det er ein arbeidsplass her for folk som vurderer å flytte hit, smiler Haslekås.
– Dette er ein veldig trygg arbeidsplass. Me forsvinn ikkje med det fyrste, forsikrar Mæland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vegen vidare
No i ferien er det ikkje så mange på kontoret, men til vanleg er det stappfullt. Det siste året har dei tilsett 7-8 nye medarbeidarar.
– Det er litt for trongt her no. Til hausten skal me utvide. No brukar me berre halve etasjen, men til hausten skal me overta heile, fortel han.
Dei skal òg etablere eit nytt kontor i Philadelphia i USA til hausten.
Og det er rett og slett fordi ein av medarbeidarane skal flytte dit. Han fortset å jobbe for bedrifta, men sit på kontor åleine.
Modernisering er viktig
Haslekås spår eit moderniseringsskifte fram mot 2020/2022. No er det mange leverandørar innan helsetenesta, men han meiner det vil skje ein konsolidering av marknaden, og mange leverandørar vil forsvinne. Det blir dei som investerer mest i modernisering og som har dei mest dyktige medarbeidarane som vil bli verande.
– Akkurat no er me dei som investerer mest i modernisering av alle på marknaden. Me skal vere ein av dei som overlever, seier ein overtydd Haslekås.
– Me må òg passe på at produktet høyrer til tidsalderen, og vite kva som trengs i framtida for å vere ein moderne terapeut, slik at me kan produsere det. Det kjem fleire nye betalingsmåtar og kommunikasjonsmåtar heile tida no, og folk forventar at systema skal tilpasse seg det. Samtidig må det vere sikkert, seier Mæland.
– Ei stor utfordring er at det skal vere enkelt å skjøne og bruke for brukaren, men det må òg vere ekstremt sikkert. Derfor kan me ikkje berre slenge ut ein app, forklarer Haslekås.
Positive arbeidsplasser
Næringssjef i Seljord kommune, Asbjørn Storrusten, meiner det er viktig med gode arbeidsplassar i kommunen. Det skaper breidde og interesse, og er avgjerande for utviklinga i bygda.
Han fortel at Aspit har vore viktig for kommunen, og at det har vore spennande å vere med frå starten og sjå at dei har utvikla seg frå eit lite føretak til ei stor bedrift som leverer i heile Noreg og Skandinavia.
– Dei har vore ein viktig samarbeidspartner i alle år. Det at dei skaper aktuelle høgkompetanse- og teknologiarbeidsplassar gjer at unge har større moglegheit til å flytte til bygda, og det er særs positivt, fortel han.