Regionordførar Saamund Gjersund inviterer til idedugnad for å snu den negative utviklinga i folketalet i Vest-Telemark.
Regionordførar Saamund Gjersund inviterer til idedugnad for å snu den negative utviklinga i folketalet i Vest-Telemark.

– Dugnad trengst for å auke folketalet

Regionordførar Saamund Gjersund inviterar til dugnad for å få auka folketal i Vest-Telemark. Han seier det er turvande med utradisjonelle grep for å snu den negative folketalsutviklinga. På eitt år er det 74 færre innbyggjarar i dei seks kommunane i Vest-Telemark.

Statistisk Sentralbyrå sin statistikk over kvartalsvise endringar i folketalet per 1. juli 2005 er no komen. I fylgje forskar Knut Vareide ved Telemarksforsking i Bø er innbyggjartala i kvar av dei seks kommunane i Vest-Telemark så låge, at det gjev eit galt bilete å samanlikna utvilinga i folketalet frå kvartal til kvartal.

– Ein må sjå utviklinga over eit år for å kunne seie noko om kvar veg det ber. Låge tal i utgangspunktet gjer at det blir store svingingar i folketalet i kommunane anten eit par familiar har flytta til eller flytta frå i løpet av eit kvartal, påpeikar forskaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

1. juli i år var det 14.414 innbyggjarar i Vest-Telemark. Det er ein nedgang på 74 i løpet av eitt år, då det budde 14.488 menneske i regionen.

Fleire i Fyresdal

Det er berre i Fyresdal folketalet har auka. Dei fekk seks fleire innbyggjarar det siste året. Dei fem andre kommunane hadde nedgang i folketalet. Størst nedgang er det i Nissedal og Kviteseid med høvesvis 26 og 24 færre innbyggjarar.

I Vinje er nedgangen 15 innbyggjarar, 12 færre i Tokke, medan det berre er blitt tri færre innbyggjarar i Seljord.

– Kva skal ein gjere for å snu denne utviklinga, regionordførar Saamund Gjersund?

– Ja, svaret på det har me ikkje. Men tala syner at me i Vest-Telemark har ei stor utfordring å gripe tak i. Eg trur det er heilt avgjerande med nokre utradisjonelle grep. Utvillinga fortel meg at det ikkje er godt nok at alle kommunane fører kvar sin kamp for å trekkje til seg fleire innbyggjarar, seier han.

Gjersund meiner folketalsutviklinga blir ei viktig arbeidsoppgåve å gripe tak i mellom anna for Vest-Telemarkrådet.

Fokusere på sterke sider

Regionordføraren trur ikkje ei einsidig fokusering på arbeidsplassar er vegen å gå. Gjersund meiner Vest-Telemark må fokusere det kommunane i regionen er sterke på, og nemner døme som lite kriminalitet, god plass og gode tilbod elles.

– Me får ikkje fleire innbyggjarar ved å ape etter tilboda ein finn i urbane område. Ein stoppar ikkje fråflyttinga på den måten. No er me nøydd til å få i stand ein dugnad for å samordne korleis Vest-Telemark kan gjere seg «lekker» for alle dei menneska som gjerne vil bu i område med dei livskvalitetane regionen vår kan tilby. Både blant nordmenn og ikkje minst ute i verda er det mange som gjerne vil bu på bygda. Utfordringa er å få tak i dei, og skape eit tilbod dei er fornøgde med, seier Saamund Gjersund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk urbanisering

Tala frå Statistisk Sentralbyrå syner at den store auken i folketalet finn ein i Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland. I Telemark har folketalet gått attende med 100 det siste året. I Telemark er det òg fødselsunderskot. Det døydde 100 fleire personar enn det vart fødd. 1. juli 2005 var det 166.080 innbyggjarar i Telemark, og statistikken fortel at det siste året er blitt fleire innbyggjarar i Midt-Telemark og i Grenland.