Jubilanten heidra nær si eiga vogge
Telemark Skikrets feira hundre år laurdag. Og kva var vel meir naturleg enn å leggje feiringa til Morgedal.
Omkring 150 gjester var samla på Morgedal hotell for å heidre jubilanten Telemark Skikrins laurdagkvelden.
I årevis var fylket delt i tri skikrinsar, og Telemark Skikrets, slik me kjenner han i dag, vart ikkje starta før i 1986.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunikasjon var mykje av grunnen til at dei tri krinsane vart samla til ein, sa toastmaster Gudmund Kyrkjebø.
Vart heidra
Med sprudlande dropar i høge glas vart gjestene samla til heider, ære og mimring før middagen. Dei frammøtte representerte nye og gamle utøvarar, trenarar og eldsjeler. Dei fekk sjå eit fotoshow laga av leiaren i hoppkomitéen, Tom Grave. Showet starta med verdas fyrste «skiboms» Sondre Norheim, og tok vidare føre seg store hendingar og arrangement, utøvarar, greiner, dugnadsarbeidarar og komande talent.
Utstilling
Det tidlegare kombinert-esset, Knut Tore Apeland frå Edland, var med på jubilumsfesten. Han hadde, som mange andre, med seg premiar til utstilling. Me fekk sjå premiar frå den samanlagte World-Cup sigeren, sylv frå lagkonkurransen i Albertville, sylv frå lagkonkurransen på Lillehammer, sylv frå VM i Falun og lag gull frå Trondheim.
Andre premiar som var utlånt til skikrinsen denne kvelden, var Kitzbüel-troféet til Atle Skårdal. Det var også samla ei mengde avisutklypp frå arrangement og idrettsprestasjonar gjennom tidene.
Kveldens eldste deltakar, Hans Kleppen (96) frå Bø, stilte ut kongepokalen sin. Han har to olympiadar bak seg, vart kongepokalvinnar i 1928 og er kåra til nordisk meister i hopp.
Ynskjer rekruttering
Toastmaster Gudmund Kyrkjebø trur det er liv laga for at skikrinsen kan sjå fram mot eit 200-års jubileum.
Me håpar rekrutteringa bare vil auke, og at me får gode vintrar framover. Interessa er absolutt til stades i Telemark. Me har gode leiarar, og mange unge talent innan kombinert, alpint og langrenn. Klarer me å dyrke desse på rette måten vil me nok sjå resultat i framtida også, poengterte Kyrkjebø.
Med glimt frå historia
Under jubileumsfesten laurdag lanserte bokkomitéen til Telemark skikrins den nye jubileumsboka der me får glimt frå den rike skihistoria i Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Leiar i bokkomitéen, Gudmund Kyrkjebø, fortel at Telemark og ski høyrer saman, og at alle held det til hjartet.
Me er stolte over dei rike tradisjonane me har, og det er viktig å ta vare på dei, seier Kyrkjebø.
Komité
Styret til skikrinsen plukka ut ni representantar som skulle jobbe med boka.
Det var ingen lett oppgåve å halde oss innanfor 200 sider. Me måtte til slutt auke til 240 sider, enda var det mykje som ikkje vart med, fortel Kyrkjebø.
Bokkomitéen har jobba med jubileumsverket omkring eitt år. Den gjev ei solid oversikt over skihistoria i Telemark frå dei forskjellige epokane og delane av fylket.
Me får høyre historier frå nåtid og fortid, om meisterskap og utøvarar.