Kappast for 17. gong
Det var dans, spel og god stemning då Seljordkappleiken lokka utøvarane til tevling på Granvin laurdag.
Trufaste deltakarar og publikummarar møtte fram på den årvisse Seljordkappleiken på Granvin kulturhus laurdag.
Som ein fin introduksjon for kappleiken fekk 70 frammøtte vere med på plateslepp av «Songen om Guro» som musikar Ingebjørg Lognvik Reinholt presenterte med ei flott framsyning på fredagskvelden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var ei kjempefin framsyning, synd at det ikkje var fleire som fekk høyre og sjå den, seier kappleiksgeneral Sara Fjågesund Aase medan ho registrerer deltakarar som skal inn for å tevle i storsalen.
Finaletevling
Aase fortel at det i år er den 17. gongen Seljord folkemusikklag inviterer til Seljordkappleiken.
– Det meste er slik det alltid har vore, og det er alltid spennande å sjå kor mange som møter fram på kappleiken. Det er gledeleg at me både har lokale utøvarar og nokre som kjem langvegsfrå, seier ho.
Gjennom dagen blir det tradisjonell tevling inne i storsalen, og kanskje litt spel og dans i gamlesalen.
– Det er kanskje litt spesielt at me har ei eiga kåring av vinnarar etter omdans og omspel. Her møtest dei tre beste utøvarane med flest poeng uansett klasse til ein slags finale på slutten av kappleiken, fortel ho.
Etter omspel uansett klasse blei det laurdag siger til Torgeir Straand frå Bøheringen. I omdansen var det Åsne Haugen og Såmund Midtbøen som gjorde det aller best og fekk med seg premie heim.
Aase er også imponert over eit tolmidig og kunnskapsrikt publikum som trufast møter fram på kappleikane.
– Dei sit og høyrer heile dagen og er svært kunnskapsrike. Mange gonger får ein like gode tilbakemeldingar frå nokon i publikum som ein av dommarane, fortel ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Triveleg
Deltakarane blir kalla inn på scenen, viser seg fram og så er det nestemann sin tur. Etter at Ingrid Storlid og Helge Sigurd Amdal Telnes er ferdig å tevle, fortel Telnes at det truleg blir både ein og to turar til på podiet for å vise seg for dommarane.
– Men då skal eg bare vere fylgje for andre dansarar som skal tevle, forklarar han.
Storlid og Telnes har dansa saman sidan dei var små.
– Eg bur i Tinn nå og dansar der kvar veke, men det aller kjekkaste er å kome heim og opptre i Seljord, og få danse med Ingrid då, smiler han.
Telnes fortel at det er eit veldig godt folkemusikkmiljø både i Tinn og Seljord.
Omspel
På eit rikhaldig premiebord er det mykje flott i vente for utøvarane som gjer det aller best.
– Det er mange som sponsar flotte premiar til kappleiken vår, og ekstra rause er gullsmed Aslak Aabø og rosemålar Bjørg Oseid Kleivi – dei lagar mykje fint, seier Aase.
Seljordkappleiken valde å gje rosemåla tresko til Mari Røysland Skårberg frå Tinn sidan ho var den einaste utøvaren i rekruttklassa i kveding. Dommarane gav også tre små rosemåla bollar til den yngste utøvaren, Elisabeth Nilsen Østensen, den eldste utøvaren, Einar Øverland, og til den utøvaren som hadde reist lengst, Åsmund Fauske Jøtun frå Sogndal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ikkje så mange kappleikar, så det er veldig gledeleg at det kjem så mykje folk, smiler Aase.
Resultat Seljordkappleiken 2017
Hardingfele
Klasse A
Torgeir Straand, Bøheringen, 93 poeng, Lars Ingar Meyer Fjeld, Vårlengt, 91 og Lars Erik Øygarden, Falkeriset, 84.
Klasse B
Åsmund Fauske Jøtun, Gol spel og dansarlag, 80 poeng, John Olav Lia, Gransherad spel og dansarlag, 79, Marius Monrad, Kristiansand spel og dansarlag, 76, Ånond Versto, Seljord folkemusikklag, 69, Jørgen A. Kvam, Valdresvelven, 68, Birgit Haukås, Tinn spelemannslag, 67, Tone Anne Tveiten, Gransherad spel og dansarlag 66, Herman Gautefall, Seljord folkemusikklag, 65, Espen Aasbø, Folkemusikklaget Bordun, 63, Helle Kleivi Sjåvåg, Seljord folkemusikklag, 57.
Klasse C
Elisabeth Østensen, Seljord folkemusikklag, 58 poeng, Sunniva Langås-Røiland, Bø juniorspelemannslag, 55, Vilde E. Westeng, Gransherad spel og dansarlag, 44.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klasse D
Einar Øverland, Huldraleiken, 70 poeng, Svein Langåsdalen, Bøheringen, 40.
Lagspel senior
Seljord folkemusikklag, 77 poeng, Folkemusikklaget Bodun 52.
Lagspel junior
Folkemusikklaget Bodun, 57 poeng.
Artikkelen held fram under annonsen.
Munnharpe
Junior
Torjus Bakken, Gransherad spel og dansarlag, 55 poeng.
Dans
Klasse A
Hæge Manheim m/fylgje, Seljord folkemusikklag, gangar, 75 poeng, Sara Fjågesund Aase m/fylgje, Seljord folkemusikklag, springar, 74.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klasse B
Åsne Haugen og Såmund Midtbøen, Tinn spelemannslag, Tinngangar, 76 poeng, Marianne Tvitekkja m/fylgje, Tinn spelemannslag, Tinngangar, 74, Birgit Haukås og Knut Boksasp Berge, Tinn spelemannslag, Tinnspringar, 73, Marianne Tvitekkja m/fylgje, Tinn spelemannslag, Tinnspringa, 72, Tone Anne Tveiten og Even E Westeng, Gransherad spel og dansarlag, Telespringar, 72
Bjønn Raftevold Rue m/fylgje, Seljord folkemusikklag, springar, 72, Bjønn Raftevold Rue m/fylgje, Seljord folkemusikklag, gangar, 69, Ingrid Storlid og Helge Sigurd Amdahl Telnes, Seljord folkemusikklag, Telegangar, 68, Ingrid Storlid og Helge Sigurd Amdahl Telnes, Seljord folkemusikklag, Telespringar, 66.
Klasse C
Heidrun Midtbøen og Sondre Haugen, Tinn spelemannslag, Tinngangar, 74 poeng, Malin Røysland Skårberg og Torjus Bakken, Tinn spelemannslag/ Gransherad spel og dansarlag, Telespringar, 73, Vilde E. Westeng m/ fylgje, Gransherad spel og dansarlag, Telegangar, 68, Gjertrud Raftevold Rue m/fylgje, Seljord folkemusikklag
Springar, 65.
Halling
Klasse B
Bjønn Raftevold Rue, Seljord folkemusikklag, 75 poeng, Even E. Westeng, Gransherad spel- og dansarlag, 74, Eivind Vestenfor, Gol spel og dansarlag, 57.
Klasse C
Knut Boksasp Berge, Tinn spelemannslag, 79 poeng, Vilde E. Westeng, Gransherad spel og dansarlag, 76, Torjus Bakken, Gransherad spel og dansarlag, 72, Sondre Haugen, Tinn spelemannslag, 70.
Vokal
Klasse B
Gro Verpe Moen, Seljord Folkemusikklag, 75 poeng.
Klasse C
Malin Røysland Skårberg, Tinn Spelemannslag, 70 poeng.
Rekrutt
Mari Røysland Skårberg, Tinn Spelemannslag, Vurdering.
Dommarar:
Spel: Alf Tveit, Arne T. Aabø og Øystein Rød.
Dans/kveding: Ole Arnfinn Hagen, Knut Erik Jordstøyl og Marit Vågen Lilleland.