DEI GRØNKLEDDE ER TILBAKE
For fyrste gong på ti år var det heimevernsøving i Vest-Telemark.
Stramt:Heimevernssoldatane låg tett i tett på skytebanen.
Innertiar?:For fyrste gong på ti år var heimevernsøvinga for vesttelar lagt til Drangedal sjekka nøye resultata på skivene på Strauman skytebane. Vest-Telemark. Skyting med AG3 var ein del av treninga, og karane frå Kroken i
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var ein fordel å ha øyreklokkene på om ein tok turen innom Strauman skytebane i Kviteseid sist laurdag. 176 mann frå Vest-Telemark og Drangedal var på plass på skytebanen til årets heimevernsøving, og på banen small det jamt og trutt.
Skal verne vegen
Grunnen til at øvinga har kome tilbake til regionen er todelt. Dels fordi kapasiteten på Heistadmoen i Kongsberg er sprengt, og fordi instruksen frå Forsvaret har endra seg.
– Oppdraget er no å overvake og kontrollere E134. Frå Svartdal i Seljord til fylkesgrensa i Vinje med alle innfartsårene, som til dømes R41 og R45, forklarar liaison Olav Aalandslid.
Det er sett opp 6 militære lastebilar og 48 feltvogner til dette, og dei grøne køyretøya vil bli godt synlege i regionen under øvingane i åra som kjem. Målet i år var å klare å få samla og sett troppen klar.
– Eg trur dei aller fleste synest det er godt å koma tilbake til Vest-Telemark, seier områdesjef Hans Gøran Bjørk.
Realitetssjekk
Oppmøtet til soldatane var i Åmot, men skytetreninga måtte leggjast til Kviteseid av praktiske grunnar. Det har nemleg kome ein del nedbør i høgare strøk i vinter, og dei andre skytebanane var rett og slett ikkje frie for snø. Men Kviteseid skyttarlag og Kviteseid jeger og fisk lånte velviljug bort anlegget.
– Dei har vore svært positive og det er me veldig glade for, seier Aalandslid.
I tillegg til skyting med AG3, blei utstyr som gassmasker sjekka i eit eige gasstelt, og det blei demonstrert kva skade eit våpen er i stand til å gjera.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er viktig å sikre nivået på troppen, men leiarane er godt nøgde med mennene sine.
– Me har veldig mange flinke vesttelar i området, rosar Bjørk.
– Det er høg kompetanse i regionen, samstemmer Aalandslid.
Hindre daudtid
Det er ikkje til å koma unna at heimevernet i Vest-Telemark og i landet generelt har hatt eit heller sjabert rykte. Soldatar med vekslande moral og tendens til fuktige buskspel i staden for militærøving har truleg dei fleste høyrd om. Men det er ikkje akseptabelt i dag.
– Me vil ha effektivitet, så me har stasjonar og prøvar å hindre daudtid, seier Aalandslid.
– Det fyrste me tenkjer på er at det skal vera nok å gjera. No har me toppmoderne utstyr og me skal ha ordentlege øvingar, seier Bjørk.
Forsvaret har vore gjennom mange nedskjeringar dei siste tiåra og det har endra strukturen. Heimevernet har difor også endra seg. Kvalitetsreforma i 2004 sikra mellom anna betre utstyr.
– Heimevernet er viktigare i dag enn nokon gong. No når det mest ikkje er ein hær att, seier Bjørk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gøym deg bak sand
På leirduebanen er det demonstrasjon av krafta i forskjellige
våpen under leiing av Aalandslid. Skota går målretta mot gamle bildører, lecablokkar, tømmerstokkar og sandsekkar.
Resultatet er krystallklart. Salongpistol, Glock og AG3 har ingen problem med å trengje gjennom ei bildør. Likeeins tek det berre tre skot frå ein AG3 før lecablokken er pulverisert. Og skal du gøyme deg bak ein tømmerstøkk bør han vera dørgende våt og kjempestor, for kulene på skytebanen for tvers gjennom.
Det som stoppa alt var sandsekkane. Der blei kulene sitjande fast.
Retrett:For fyrste gong på ti år er HV-soldatar igjen på marsj i Vest-Telemark.