Etter ulykka ved Mostøyl i fjor:

– Framleis uvisst om eg får bygge nytt hus, seier Borgny Aalandslid.

Morgonen den 21. desember i fjor vil Borgny Aalandslid aldri gløyme. Stilt og fredeleg var det i huset, ho sat i stoga i sofaen, og dottera Bente sat på kjøkenet og åt. Brått blir morgonstilla avbroten av eit øyredøvande brak, og alt vart svart. Stoga vart forvandla til eit inferno av snøføyke, glasbrot og splintra treverk. Det fyrste Borgny tenkte på var Bente, men og ho var uskadd. Ho såg ut gjennom vindauga I soveromet og i mørkret såg ho skimt av traileren som hadde rasert huset hennes. Like etter dukka og sjåføren opp, blodig men berre lettare skadd. 

Huset til Borgny står likeeins i dag som etter ulukka. Saksgangen om å få gjenreise huset har gått seint. Taksten som vart halden og som vart på kr. 600.000, er alt for låg meiner ho, og godtek den ikkje. Takstmannen og folk frå forsikringsselskapet var av den meining at huset berre trong vølast på. Erfarne folk Borgny har tala med meiner derimot at alt må rivast ned for at det skal bli som det var, det vil koste 1.2 millionar pluss moms.Etter å ha sett huset stør me det siste alternativet. Mange av dørkarmane er rivne tvers av. I badet er svikten i golvet vel ein tomme. Kjøkengolvet er så skakt at om Borgny steiker nokopå omnen, renn alt fettet i eine kanten av steikepanna. Begge skorsteinspipene er tvers av på fleire stadar, slik at ho får ikkje fyre. Vindaugo får ho heller ikkje opne. Med andre ord — er huset moden for full sanering.