Les meir på VTB.no
Les meir på VTB.no

30 år sidan

– No skal vest-telemarkingane sleppe å reise til utkantstrok for å kjøpe bøker. Me skal freiste å gje folk dei tilboda dei ynskjer, men for å klare det er me avhengig av ein dialog. Difor håpar me at folk brukar den nye bokhandelen i Seljord, at publikum kjem hit og fortel oss kva dei vil ha, sa Bjørn Hanto under opninga av Vest-Telemark Bok og Papir. Hanto er dagleg leiar for den nyopna bokhandelen, som og gjev arbeidsplassar til Anne Bjørg Norgaard og Harriet Slaaen.

Framfor skulestart kan Fyresdal gle seg over stabilt elevtal ved grendeskulane. – Kilegrend får ni elevar som i fjor, og Jon Ragnar Valle er attende som lærar. I Breivik aukar elevtalet frå åtte til ni, og Torhild Valseth er veteran ved kateteret. Hauggrend/Veum med Veum som skulestad dette skuleåret, får 10 elevar, mot åtte ved skulestart i fjor. Her er Tor August Andersen lærar sidan februar. Fortel skulesjef Olav Jortveit som elles kan gle seg over ein stabil lærarstab i bygda. Elevtalet ved Gimle barneog ungdomsskule går ned frå 198 i fjor til 192 i år. Også i åra framover vil elevtalet der gå ned, men ikkje dramatisk, seier Jortveit. Skulen i Fyresdal tek i haust spranget inn i EDB-alderen. EDB er valfag både i barneog ungdomsskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

44 av dei 53 påmeldte vesttelemarkingane tok turen til Lesja. Talet på deltakarar totalt vart oppgjeve til å vera 6482, som er ny rekord. I den knallharde tevlinga var det Rune Aalandslid i rekruttklassa som stod for den beste prestasjonen frå Vest-Telemark. Han skaut 247 poeng på 25 skot og avslutta med ein bra omgang på 98 og 345 poeng totalt. Med dette vart han nr. 18 og fekk medalje.