– Det er fint å hjelpe andre barn
Elevane i 4. klasse ved Gimle skule i Fyresdal har ikkje pakkekalender denne adventstida. Dei hjelper andre barn med omvendt jolekalender.
Elevane i fjerdeklasse i Fyresdal synest det er kjekt å vere med å hjelpe andre i staden for å få pakker sjølv i adventstida på skulen i år.
– Tidlegare har me hatt pakkekalender i glaset, og aktivitetskalender i kransen som heng her i klasserommet. I år valte me noko nytt, fortel kontaktlærar Klara Folkestad Nordbø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ulike oppgåver
I desember har elevane arbeidd heime og fått litt løn for arbeidsoppgåvene. Pengane samlar dei saman og sender til SOS barnebyar sin omvendte jolekalender.
Omvendt jolekalender er ein solidaritetsaksjon som gjev skulebarn ei spennande reise med film og bilete kvar skuledag i desember der elevane får kjennskap til barns kvardag i ulike delar av verda. Ved å gjere små jobbar heime, samlar elevane inn pengar som går til å hjelpe andre barn som ikkje har det så trygt og godt som dei.
– Me hentar posten, går ut med søpla, ryddar ut av oppvaskmaskina, ber ved, fôrar dyra, brøytar snø, strør på glatta og dekker bordet, fortel elevane.
– Me gjer oppgåver heime, slik at me kan tene pengar som me puttar i konvolutten me tar med på skulen. Slik kan me gje pengar til dei som ikkje har så mykje som oss, seier fjerdeklassingen Sigrid Veum.
Film og spørsmål
Kvar skuledag i desember har barna sett ein kort film av barn som bur i ulike land, og ikkje har det like godt som dei sjølve. Då VTB var innom skulen denne veka hadde klassa sett film frå Malawi.
– Der får barna ete berre to måltid til dagen. Dei har det ikkje som oss, me et kvar gong me er svoltne, fortel Nordbø.
– Elevane blir kjent med barna i filmen og skriv om det dei ser i arbeidsbøkene sine. Me løyser også ei oppgåve kvar dag som gjev oss ein bokstav. Denne bokstaven blir til slutt ei setning som er grunnlag for ei tevling me er med på, fortel kontaktlærar Berthe Tysvær Heggelid.
– Me har også sett filmar frå barnebyar i Russland, Latvia, Indonesia, Sør-Afrika, Zimbabwe, Kenya, Gaza, Filippinane og Rwanda, seier Nordbø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Delar av inntektene frå årets omvendte jolekalender går til arbeid med barn i Gaza, og spesielt til arbeid med traumar, naudhjelp og til å gje barn ein trygg heim. Andre inntekter som kjem inn i årets solidaritetsaksjon vil gå til SOS barnebyars arbeid med barn over heile verda.
Omvendt jolekalender
- Flyttar fokus frå å få til å gje i førjolstida.
- Solidaritetsaksjon for skular i regi av SOS barnebyar.
- 60 000 elevar er med i år.
- Delar av årets inntekt går til SOS barnebyar i Gaza.
- I fjor kom det inn 2,6 millionar kroner mellom anna til tyfonofra på Filippinane.
Fakta: SOS barnebyar