Fangeleiren i Kleivgrend.
Fangeleiren i Kleivgrend.

Fangeleiren blir lagt ned

Etter det VTB kjenner til er Høgre, Frp, Venstre og KrF i revidert nasjonalbudsjett samde om at skogsleiren i Fyresdal blir lagt ned i 2020.

Alle dei tilsette i fangeleiren i Kleivgrend skal ha blitt orientert om nedlegginga som nå er bestemt skal skje i 2020, i samband med oppstart av nytt fengsel i Froland. Også stortingsrepresentant Lene Vågslid (Ap) frå Telemark er kjent med at det snart er slutt på det opne soningstilbodet i Fyresdal.

– Sist me snakka om skogsleiren sa Solveig Sundbø Abrahamsen (H), Bård Hoksrud (Frp) og Geir Bekkevold (KrF) at det framleis var håp for skogsleiren. Eg synest det er trist at dei ikkje har klart å oppretthalde skogsleiren, og beklagar dette, seier Vågslid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meldinga om nedlegging av skogsleiren kom like før avisa gjekk i trykken i går. VTB kjem tilbake med meir om saka.