Samfunnsnyttige fengselsfuglar
Fyresdal kommune får også denne våren svært god hjelp av fangeleiren i Kleivgrend med oppgåver dei ikkje har ressursar til sjølv.
– Det er så trist å miste ein slik institusjon som er så samfunnsnytting i tillegg.
Orda kjem frå sektorleiar Arild Metveit i Fyresdal kommune når han tenkjer på alt det fangeleiren i Kleivgrend hjelper dei med, i tider der det opne soningstilbodet høgst truleg snart går ut av dagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei tre siste åra har kommunen vore så heldig å få nytte opptil 12 innsette i fangeleiren til vårsjauen med mellom anna å få bort mykje strøsand og avfall som har kome i løpet av vinteren. I fjor fjerna innsette så mykje strøsand at det måtte heile 21 traktorlass til for å køyre all massen bort.
– Hadde me ikkje hatt fangeleiren til å hjelpe på utearealet i kommunen, hadde me aldri hatt sjanse til å gjere dette med eigne mannskap. Me viser dei innsette oppgåvene, så styrer dei seg sjølve under ei kyndig leiing. Fangeleiren er ein fantastisk ressurs å ha, seier Metveit.
For to år sidan måla innsette i Kleivgrend kommunehuset i Fyresdal. Snart står grendehuset i Åslandsgrend for tur, etter at kommunen har kome med måling og stillas.
– Dei innsette gjer ein prisverdig og god jobb, og det er aldri noko tull med dei, seier Metveit.
Kommunen har skrytt til dei innsette fordi dei ryddar så flott opp. Då ein av dei innsette fekk denne rosen, svara han fengselshumoristisk:
«Me får kanskje gjere nokon fleire lovbrot …»