Telemarkspolitikarane samla for omkamp om Kleivgrend
Alle stortingsrepresentantane frå Telemark vil halda fram å kjempa for Kleivgrend fengsel. – I denne saka er det ikkje Grenland mot resten, seier Lise Wiik (Ap) frå Notodden. Ho får støtte frå Bård Hoksrud (Frp) i den andre sida av politikken.
Førre stortingsperiode la Justisdepartementet fram ei stortingsmelding der dei mellom anna føreslo å leggja ned fangeleiren i Kleivgrend i Fyresdal. Det vart følgt opp då Stortinget vedtok statsbudsjettet for 2016.
Av 60 fengsel i Noreg i dag har 27 under 30 plassar. Mellom dei finn me Kleivgrend. Kriminalomsorga vil leggja ned så godt som alle dei minste fengsla, og byggja nye og større i staden. Plassane ved Kleivgrend skal verta erstatta med eit nytt fengsel i Evje i Aust-Agder.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen spade er sett i jorda enno. Medlem i justiskomiteen Kjell Ingolf Ropstad (KrF) er sjølv frå Evje, der far hans er ordførar, og han har bede statsråd Anders Anundsen (Frp) om svar på framgangen i fengselsbygginga, utan å få klart svar.
Departementet er opptekne med å fullføra kapasitetsmeldinga og kjem tilbake til Stortinget etter kvart. Bygginga av nye fengsel krev løyvingar frå Stortinget i dei komande budsjetta. Evje fengsel vert bygd som eit offentleg-privat samarbeid.
Lovar omkamp
Justisdepartementet kjem med ei ny kapasitetsmelding denne våren, og då er opposisjonen på Stortinget klar for omkamp om Kleivgrend. Akkurat når meldinga kjem er ikkje klart.
Lise Wiik (Ap) er vararepresentant for Lene Vågslid på Stortinget for tida. Ho er ikkje veldig optimistisk for å få gjennomslag, men lovar å stå på vidare.
– Me har kapasitetsproblem, og no leiger regjeringa fengselsplassar i Nederland. Det er dårleg for dei innsette og pårørande, og det er dårleg ressursbruk. I Fyresdal har dei funne noko som fungerer, og eg forstår ikkje kvifor me skal leggja ned noko som gjev så gode resultat, seier ho.
Sjølv er Wiik frå Notodden, der ho som ordførar har arbeidd for eit nytt fengsel i det området. Ho synest ikkje det er enkelt for opposisjonen å nå gjennom til regjeringspartia, men er glad for at repre- sentantane frå Telemark står saman for Kleivgrend.
– I øvre delar av Telemark føler me ofte at det er Grenland mot resten, men i saker som denne med Fyresdal føler eg heile Telemark står samla, seier Wiik.
Saman med Senterpartiet føreslo Arbeidarpartiet å vidareføra Kleivgrend som i dag då dei handsama statsbudsjettet for 2016, men fekk berre støtte frå SV. Kristeleg Folkeparti og Venstre har inngått ein avtale om justispolitikk med regjeringa, og røysta difor saman med regjeringspartia.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tverrpolitisk semje
Etter VTB gjekk i trykken måndag hadde telemarksbenken på Stortinget samarbeidsmøte, der mellom anna Kleivgrend vart teke opp. Utan at avgjerder vert tekne på slike møte, er det ein måte for politikarane å snakka saman om lokale og gjerne tverrpolitiske saker dei kan arbeida vidare i sine eigne parti.
Bård Hoksrud (Frp) lovar å arbeida i sine kanalar, både i partiet og opp mot Justisdepartementet. At nedlegginga vart utsett i Stortinget tidlegare ser han på som eit godt teikn om at det er mogleg å snu fleirtalet.
– Arbeidsplassane er viktige for Fyresdal og for Telemark. Det er veldig synd om me legg ned arbeidsplassar og fjernar eit godt tilbod. Eg sit jo ikkje justiskomiteen, men som telemarkspolitikar er dette ei sak som engasjerer meg. No er det fatta nokre avgjerder, men me får sjå om me kan snu dei. Nedlegginga skulle vore gjennomført alt, det seier noko om at Kleivgrend har støtte, seier han.
– Opne soningsplassar kostar nesten halvparten av lukka og Kleivgrend har levert gode resultat med skulegang og kursverksemd for dei innsette. Det er vel argument som klinger godt i Frp-øyre?
– Klart det er det! Dette er argument eg brukar når eg arbeider for Kleivgrend, men andre sida av saka er kva me har behov for. Eg forstår det slik på dei som jobbar med justispolitikk at det er størst mangel på lukka soningsplassar. Det er difor me leiger plassar i Nederland medan me byggjer nye soningsplassar i Noreg. Dei lukka plassane har fått prioritet, fortel Hoksrud, og legg til:
– Om det er størst behov for lukka plassar og størst behov andre stadar kjem det til å verta vanskeleg å redda Kleivgrend, men eg kjem til å stå på for å finna ei god løysing.