Eivind får hjelp av Håkon slik at utseende blir teke vare på.
Eivind får hjelp av Håkon slik at utseende blir teke vare på.

Frå Holmestrand til Loch Ness

Fredag 11. juli var me endeleg klare til å dra på langturen me har snakka og drømt om i lang tid, og som ein del bygdefolk ikkje hadde store trua på at me skulle greie å gjennomføre. Det kjentes derfor godt å forlate kaia og vite at nå var reisa i gang. Eg trur det var Steinar som følte det mest på kroppen, og i augekroken blinka ei lita tåre då familien hans stod på kaia og vinka oss farvel ut frå Holmestrand.

Laurdag 12. juli la Eivind Berge frå Brunkeberg, Håkon Grestad frå Ordal, Steinar Johansen frå Holmestrand og Siri Straumsnes frå Vrådal (sistnemnde med på fyrste etappen) ut på sitt livs eventyr. Fyrste etappe gjekk frå Tønsberg til Inverness i Skottland. Derifrå har dei sigla Caledoniakanalen gjennom Skottland, langs Irskekysten og fram til kysten av Spania og Portugal. Nå er trioen i Portugal. Dette reisebrevet blei sendt 11. august.

Medan Steinar stod med tårer i augekroken, og tankar om han hadde gjort det rette valet, var me andre i gang med å få kontroll på skuta. Motvind og duskregn var det som møtte oss då me tøffa utover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Redningsaksjon

Etter om lag to timar var me komne utanfor Bastøy, og me såg noko som låg og dreiv i vatnet. Med dei få sjøkunnskapene me har, fann me ut at detta måtte sjekkast ut. Då me nærma oss såg me at det var ei redningsflåte som hadde blåse seg opp, og at det sat ein gamal mann oppi som prøva å padle flåten mot land. Me festa flåten og hjelpte karen opp i båten. Det viste seg at det var ein gamal kar på 79 år som hadde gått på grunn med skuta si. I eit par dagar hadde han vinka til folk for å få hjelp, men då ingen kom for å hjelpe han, blåste han like gjerne opp redningsflåten. Trygt teke vare på og plassert inne i salongen fann me fram sjokolade, kjeks og cola til han. To boksar frå colalageret til Eivind gjekk ned på kort tid. Den nyinstallerte Mikuni båtvarmaren fekk me også testa, og det tok ikkje lang tid før karen kvikna til. Vidare bar det inn til Horten, der me vart møtt av politiet som me hadde kalla opp på VHF´n.

Planen denne dagen var at me skulle koma oss til Langesund, der ein aldri så liten avskjedsfest skulle finne stad, men på grunn av redningsaksjonen måtte me ta oss inn til Tønsberg i staden. Vel framme i Tønsberg fekk me besøk av ein gjeng bygdefolk som var med og laga ein flott avskjedfest saman med oss. Dagen etter bar det vidare langs norskekysten og mot Mandal som me hadde sett ut som eit fint mål før turen over Nordsjøen. Det tok ikkje lang tid før me merka at me hadde vore i festleg lag dagen før. Ein etter ein vart me liggande med hovudet over rekka for å spy.

Farvel, Noreg

I Mandal vart me liggande eit par dagar for å klargjere båten og handle nødvendig utstyr og mat. Rundt midnatt var me klare for avreise og fyrste stoppen kom etter berre nokre få minuttar, men kun for eit nattbad. Etter ein svært varm dag med mykje klargjering på båten, var det godt å få seg ein dukkert. Eivind fekk prøve saltvatnsåpa si som han var svært spent på om fungerte, og det må den ha gjort for Eivind lukta veldig godt etterpå. Mens mørkret seig på, vart me enige om at det var mest praktisk å vere to på vakt den fyrste tida. Steinar og Håkon byrja mens Eivind og Siri la seg til å sove. Fire timar på og fire timar av. Etter eit par timar susa me forbi Lindesnes, der fyrtårnet blinka veg for kån. Vakthavande sine tankar gjekk til «71 grader Nord»-gjengen som har starta mange av sine turar nettopp på Lindesnes, og akkurat som kån hatt ein spennande og utfordrande tur framfor seg. Med vind fra aust tok det ikkje lang tid før Redbull gjekk for fulle segl og Noregs land vart fjernare og fjernare ut i det blå.

Løgleg dialekt

Etter tri og eit halvt døgns silkeseilas kom me fram til byen Inverness. Det var godt å komme på land å kjenne fast grunn under beina. Det tok litt tid før gynginga i beina forsvann og me fekk «landgange». Dagane i Inverness vart bruka til å slappe av – noko alle synest var godt. Den skotske dialekten har ikkje vore like lett å forstå, så det hender me tenkjer tilbake på engelsktimane og angrar for at me ikkje følgde betre med. Då er det godt me har Steinar ombord. Han er ikkje redd for å prøve seg, og er flink i språk. Men me andre blir òg flinkare etter kvart. Me lærer nye ord for kvar dag som gjeng.

Caledoniakanalen liknar mykje på Telemarksvassdraget med mange sluser, fjell og åsar på begge sider. Kanskje litt meir idyllisk, men ikkje like rått og brutalt som kanalen der heime. På Caledoniakanalen ligg også Loch Ness og med den nyinnkjøpte havfiskestonga prøvde me fiskelykka. Målet var å fiske Nessi, men ho var ikkje noko særleg bitevillig!

Tri mann tett i tett

Å bu tri mann på ti meter båt kan være nokså krevjande. Alt føregår på få rutemeter og det er svært liten sjanse til å stikke seg vekk. Den fyrste tida har nok vore litt ekstra spesiell då me skal bli vande med både båtlivet og det å bu så tett på kvarandre. Det meste av tida er me ikkje meir enn ei armlengde fra kvarandre og det meste av det ein gjer blir både sett og registrert. Det kan nok hende at det til tider hadde vore godt å sleppe å måtte forklare kvifor ein gjer ting på sin eigen måte og sloppe råd om korleis ting burde vore gjort. Men stort sett fungerer det bra. Og venner, ja det er me framleis! Mat er eit svært viktig element ombord og ei stor utfordring for den som skal lage den. Her blir det forska med ulike samansetjingar av ingrediensar og krydder. Vanleg steikeomn har me ikkje ombord, men me har ein liten firkanta aluminiumsboks som gjer same nytten. I byrjinga vart det litt prøving og feiling med justering av varmen frå primusen, og det tok ikkje lang tid før det brann hol i botnplata. Men etter litt bruk har det nå blitt trylla fram dei deiligaste rettar, som for eksempel ovnbakte poteter og sjokoladekake.

I skrivande stund ligg me i Cork, ein by heilt sør i Irland. Her klargjer me båten nok ein gong, i tillegg til oss sjølve, for turen over Biscaya. Biscaya blir rekna for å være eit av dei farlegaste havstrekka i verda, så detta kan bli spennande. Men med topp tryggleiksutstyr og nå også litt kunnskap om segling reknar me med at dette skal gå bra. Litt spennande hadde det jo òg vore om me kunne få sjå kva havet har å by på.

Til alle der heime, så vil me bare sei at me så langt på turen har det meget bra!